STEINAR HYSTAD

— Mitt råd til verksemder som ønskjer godt humør og positiv stemning på jobben, er at dei prøver medisinen me har gitt oss sjølve i vel to år.

Hjelpemiddelet er heilt gratis, seier Thor Hauglid.

— Einaste som skal til er at alle involverte er observante i si gjerning og merkar seg gode ting å ta med til neste dags morgonmøte. Der skal positive hendingar og skryt for velgjort i går kunngjerast i plenum. Dette gjeld like mykje for arbeidstakarar som for dei som administrerer. Bli gjerne med på ei morgonsamling, inviterer han.

Arbeidstilbod

Han er dagleg leiar for arbeids- og aktivitetstilbodet i kommunal regi på Sæbø gard som Kong Harald og prinsesse Märtha Louise offisielt opna på signingsferda i 1991.

På garden rett over vågen frå tidlegare Skjersholmane ferjekai blir det drive med sauer, griser, kaninar og ender, vedhogs og produksjon av sommarblomar og litt grønsaker.

Ein tilfeldig tysdag morgon er vi gjest på arbeidsfordelingsmøte i det lyst møblerte opphaldsrommet. Opplevingane i går som står først på saklisa.

— Hende det noko positivt og kjekt denne måndagen, noko å skryta av, spør ordstyrar.

Nevar fyk i veret:

— Det var vår i lufta når me brente bål bak løa!

— Me fann eine anda død og den vart gravlagt på verdig måte.

— Flott at me har fått nye griser, gleder meg til å fora dei.

— Innegjengen gjorde ein flott innsats på kjøkenet - og me andre må visa respekt og ikkje gå inn med kjeledressar på oss.

— Dei som var i skogen i går gjorde ein kjempejobb. Dei må jammen passa ryggane sine.

— Det vart gjort mykje på beitet i går også, øvste delen vart rydda ferdig.

— Første skiltet vårt er ferdig. Der står det LØA - kjempeflott.

— Eg må berre få seia at eg kosar meg på jobben ilag med dåke.

— Då vil eg ha sagt at det er me gjer med å snakka fint om kvarandre er veldig urt for ein blir i slikt god humør.

Eigen medisin

23 gode ting, skryt og kjekke opplevingar frå ein ganske alminneleg marsmåndag vart ført til protokolls på Sæbø Gard denne morgonen. Tonen er lett og oppløftande, ein ny arbeidsdag med positivt forteikn kan byrja. På Sæbø gard er det den bokstavelege tydinga av å «føla sin eigen medisin» som gjeld, det var med eigen innsats dei fekk has på verkebyllen fellesskapet sleit med.

— Stemninga på huset var til tider amper, med for mykje kjefting og til tider så lite triveleg at me sette oss saman for å finna eit botemiddel. Ideen om å sjå etter det positive vart sådd og den dyrka vidare. Me gav oss sjølve i premie å pynta stovekalenderen med stjerne kvar dag me fann over fem ting å gleda oss over. Det er blitt mange stjernedagar dei siste to åra.

Skryterekorden på eitt morgonmøte er 35, som må seiast vera veldig bra mellom 12 arbeidstakarar og fem leiarar på garden.. Me ser det som viktig at godorda går begge vegar.

Velgjerande medisin har gjerne bieffekt, det har også vår morgonblanding for ein triveleg kvardag. tillegg til å sjå etter «bright side of life», blir samlingane våre ei finfin trening i å ta ordet. I eige tun har me garantert fått eit mykje betre miljø med positivismen som rettesnor.

Verkeleg noko å prøva for andre som slit med negative trekk, anten det e i arbeid eller idrett, seier Thor Hauglid.

Sæbø Gard fekk Stord kommune sin arbeidsmiljøpris for snuoperasjonen. Prisen er todelt, ein plakett som prydar veggen i gangen og ein pengepremie som var brukt til å skifta ut plaststolane og respatexborda i opphaldsrommet med meir triveleg møblement.

KVAR ARBEIDSDAG på Sæbø Gard vert innleia med møte der ein trekkjer fram det positive frå i går. Denne tysdagen vart det notert 23 gode ting frå ein ganske alminneleg marsmåndag.<p/>FOTO: STEINAR HYSTAD