Naturvernorganisasjonen har nemleg utarbeidd ei tipunkts liste over produkt du bør ligge unna eller vere varsom med å kjøpe.

Mange er av den eksklusive og kostbare sorten, altså akkurat den typen gåver folk er truande til å kjøpe når panikken har tatt dei like før stengetid.

Nokre produkt på lista kan nok synes obskure for mange nordmenn, men organisasjonen åtvarer også mot meir daglegdagse varer. Eksempelvis bør var-sellampene blinke når du skal handle inn juletorsken, meiner organisasjonen.

Vil du feire jul med godt miljøsamvit, er dette produkta du bør tenke to gonger før du handlar – ifølgje WWF:

Torsk. Tenk deg om og undersøk før du handlar torsk. Bestanden har stupt og er på randa av kollaps i Nordsjøen, Irskesjøen og farvatna vest for Skottland. Ulovleg fiske er eit stort problem. Kun bestandane rundt Island og Barentshavet er sunne og relativt godt forvalta. Spør i butikken kvar deira torsk stammar frå.

Elektriske produkt. Bruk fornuft. Handlar du fjernsynsapparat, audiopro-dukt og liknande, kjøp produkt som kan slåast heilt av og ikkje berre til stand-by. Ofte er forbruket opptil 40 prosent på stand-by.

Ekte kaviar. I Det Kaspiske Havet er støren truga på grunn av for store og ofte ulovlege uttak av rogn. Kjøp ekte kaviar kun i butikk, kun i forsegla glas og – aller viktigast – sjekk at glaset eller boksen har eit CITES-merke.

Elfenbeinsprodukt. Ikkje kjøp smykke som inneheld elfenbein. Illegal handel med elfenbein aukar på verdsplan. Frå marknader i Afrika og Asia går via illegal handel til Nord-Amerika og Europa. Dette er stadig vekk det største trugsmålet mot elefanten, spesielt i Vest— og Sentral-Afrika.

Skilpaddeprodukt. Ligg unna. Seks av ju underartar av havskilpadda er truga eller kritisk truga, og for fleire av dei er utsiktene mørke. Letherback-skilpadda i Stillehavet er på veg mot utrydding, og talet grøne skilpadder i Middelhavet går dramatisk ned. All internasjonal handel med havskilpadder er forbode, så ligg unna hårspenner, armband og andre typar skilpaddeprodukt.

Shahtoosh-sjal. Igjen – ligg unna. Dette er pledd vevd av ull frå den tibetanske antilopa. Dyret må drepast for å få tak i ulla. Nokre selgarar fortel kunden at ulla er hausta frå greiner og busker som dyret har gnidd seg mot, men dette stemmer ikkje. Krypskyting har sendt dette dyret inn på lista over truga artar. Kjøp heller eit sjal av pashmina-ull, er rådet frå WWF.

Kaktus. Kjøp med stor omtanke. Den ulovlege handelen blomstrar og trugar naturlege kaktusartar, særleg i Mexico. Nokre produkt er totalforbod mot å omsetje, andre krev spesielt importløyve. Sjølv om størstedelen av kaktus i handelen er kunstig dyrka fram og såleis fullt lovlege, bør du ifølge WWF vere på vakt. Spør der du handlar.

Korall-produkt. Nok ein gong er det grunn til å vise aktsemd. Korall veks sakte og har eit langt liv, men er truga av intensiv hausting til smykke- og andre utsmykkingsformål. Eksempelvis er rød korall frå Middelhavet blitt utrydda lokalt. Sørg uansett for at det du kjøper har det naudsynte CITES-løyvet.

Krokodille- og slangeskinnsprodukt. Achtung baby, når du kjøper boots, belte eller handveske av skinn frå slike dyr. Fleire artar er i tilbakegang eller på lista over truga artar. Sjølv om dei fleste varer er frå oppdretta dyr, så sjekk om produktet er importert med den naudsynte CITES-merkinga.

Produkt frå tiger. Ligg unna, kort og godt. Tepper, jakker etc. av tigerskinn er heit vare i visse krinsar. Det er kun 5000 ville tigrar tilbake i verda, og bestanden er under enormt press frå krypskytterar og mangel på naturlege leveområde. All handel med produkt frå tiger – det vere seg i form av skinn, besetning på tekstilar, i souvenirar eller i asiatisk naturmedisin – er illegal.

Kjelde: WWF