Begge risikerer millionbøter dersom Konkurransetilsynet sitt standpunkt blir ståande.

Konkurransedirektør Knut Eggum Johansen gjer det nemleg klart overfor Bergens Tidende at tilsynet vil fylgje opp overfor Rema 1000 dersom saka endar med ei bot for Tine. I går mottok Tine varsel om eit overtredingsgebyr på 45 millionar kroner. Selskapet har frist til 31. oktober med å kome med tilsvar.

Påstand mot påstand

— Vi hadde ikkje sendt dette varselet til Tine utan at vi meiner vi har ei sak. Men vi vil sjølvsagt nå vente og sjå kva Tine kjem med i tilsvar til varselet vårt, før vi gjer endeleg vedtak, seier Eggum Johansen.

Men dei to selskapa som Konkurransetilsynet nå vil «ta», tek kraftig til motmæle:

— Vi har aldri inngått nokon avtale, korkje med Tine eller andre som ville innebere at nokon vart eineleverandør til oss, seier sjefen for Rema 1000 Noreg, Tom Kristiansen, til Bergens Tidende.

— Vi stiller oss difor undrande til at Konkurransetilsynet har varsla at tilsynet vil bøtelegge Tine, legg Kristiansen til.

Konserndirektør Bjørg Bruset i Tine avviser også kategorisk at Tine har inngått nokon slik avtale.

— Vi kjenner oss ikkje igjen i det biletet Konkurransetilsynet teiknar av Tine. Tine har ikkje inngått nokon avtale, korkje med Rema 1000, med ICA eller nokon annan som ville gjere Tine til eineleverandør, seier Bruset. Og ho legg til:

- Ulovleg

— Vi veit at det ville vere ulovleg. Og frå vår synstad ville det heller ikkje vere ynskjeleg. Samstundes har vi erkjent at det var dumt av oss å utarbeide ein kalkyle etter at ICA bad oss kome med eit tilbod.

Bruset vil ikkje svare på kor høgt opp i Tine-systemet forhandlingane med Rema 1000 og med ICA om leveransevilkår gjekk.

Bruset er klar på at saka har skadd Tine mykje. Men ho avslår å svare på spørsmål om kva Tine har tapt økonomisk.

Nå vil Tine saman med advokatane sine gjennomgå materialet frå Konkurransetilsynet grundig og utarbeide tilsvar.

— Det var først i går at vi fekk tilgang til opplysningane og vurderingane frå tilsynet og innsikt i korleis dei tenkjer og vurderer, seier Bruset.

Eggum Johansen seier for sin del at han går ut frå at forhandlingssaka har vore godt kjent i Tine.

Ransaking

Han seier at Tine samarbeidde godt med Konkurransetilsynet i saka då tilsynet starta granskinga si i desember i fjor.

— Men etter kvart fekk vi mistanke om at Tine sannsynlegvis freista å løyne opplysningar for oss. Det resulterte i at vi fann grunn til å gjennomføre såkalla bevissikring i februar, seier Eggum Johansen.

16. februar gjennomførde Konkurransetilsynet ransaking av lokala til Tine etter godkjenning frå tingretten.

Konkurransedirektøren vil ikkje svare direkte på om mistanken om at Tine freista å løyne opplysningar for tilsynet vart stadfesta gjennom ransakinga.

— Saka vart i alle fall ikkje svekka, seier han nå.

Opp til EU-nivå

Rapporten frå granskinga på 53 sider vart i går føremiddag levert til Tine saman med ei lang rekke vedlegg. Eggum Johansen opplyser at 53 personar er avhøyrd av tilsynet om saka, 30 av desse i Tine-systemet.

Overtredingsgebyret på 45 millionar er fastsett på grunnlag av kor grov overtredinga etter tilsynet si meining er.

— Dette er ingen eksakt vitskap, men politikarane har sagt at vi etter kvart bør kome opp på eit nivå som er gjeldande på dette området i EU. Der er vi ikkje ennå, seier Eggum Johansen.

— Hadde Tine lykkast i å bli eineleverandør til Rema og ICA, ville 40 prosent av Synnøve Finden sin ostemarknad ha falle vekk. Gebyret avspeglar dette forholdet, seier han.

Rekordbot

Varselet om eit overtredingsgebyr på 45 millionar kroner for Tine, vil vere ny rekord.

Rekorden til nå er det SAS Braathens som har. Flyselskapet har i løpet av kort tid fått to varsel om gebyr frå Konkurransetilsynet for misbruk av marknadsposisjon.

Det første gebyret gjeld påstått prisdumping på ruta Oslo-Haugesund. Saka er endeleg avgjort frå Konkurransetilsynet si side med eit vedtak om 20 millionar kroner i gebyr.

SAS Baraathens har varsla at selskapet vil gå rettens veg for å få avgjerda prøvd rettsleg.

Den andre saka gjeld varsel om gebyr på 30 millionar kroner for påstått prisdumping på ruta Oslo-Ålesund. SAS Braathens har frist til 29. september med å kome med tilsvar til varselet.

VIL FYLGJE OPP: Konkurransedirektør Knut Eggum Johansen gjer det klart at tilsynet vil fylgje opp overfor Rema 1000 dersom saka endar med ei bot for Tine.
Knut Strand