Dei meiner at Norman nå indirekte har uttrykt mistillit til statsrådskollega Odd Einar Dørum i SAS/Braahtens-saka. Dei meiner også at Norman har gått til eit kraftig, men grunnlaust åtak mot integriteten til Konkurransetilsynet. Samstundes stiller dei spørsmål ved Normans eigen integritet.

— Oppsiktsvekkande

— Under dette møtet, som var eit seminar om utflytting av statlege tilsyn, formulerte Norman seg på ein heilt oppsiktsvekkande måte, seier Steinar Eskild Trovåg til Bergens Tidende. Trovåg, som er frå Os, er tillitsvald for Norges Juristforbund i Konkurransetilsynet.

— I realiteten erklærte Norman mistillit til si eiga regjering og settestatsråd Odd Einar Dørum for behandlinga av SAS sitt oppkjøp av Braathens. Men ikkje nok med det, han gjekk også til åtak på dei tilsette i Konkurransetilsynet ved å skulde tilsynet for å opptre med manglande integritet, seier Trovåg.

- Spark til Dørum

— På seminaret uttalte Norman at han «vart overtydd om at det var ein god ide å flytte ut statlege tilsyn den dagen Konkurransetilsynet offentleggjorde at tilsynet godkjende SAS sitt oppkjøp av Braathens, seier Trovåg, og held fram:

— Det er vanskeleg å oppfatte dette annleis enn som eit spark til Dørum.

Norman var kjent ugild til å behandle ein klage over Konkurransetilsynet si avgjerd i SAS/Braathens-saka. Justisminister Odd Einar Dørum vart oppnemnd som settestatsråd.

Dørum slutta seg heilt og fullt til avgjerda og dei vurderingane Konkurransetilsynet hadde gjort.

Det går fram av ei pressemelding som Administrasjonsdepartementet sendte ut 1/11 2001. Der heiter det mellom anna at «Han (Dørum) deler Konkurransetilsynets vurderinger i saken.»

«Ingen kommentar»

Bergens Tidende har nå bede statsråd Dørum om ein kommentar til utsegnene frå Norman.

Gjennom senior informasjonsrådgjevar Gunnar A. Johansen i Justisdepartementet avslår Dørum å gje nokon kommentar til Norman sine utsegner. Når det gjeld Regjeringa si avgjerd i saka, viser han til pressemeldinga som vart sendt ut frå Administrasjonsdepartementet.

— På seminaret sa Norman også at «avgjerda i SAS-Braathens-saka viste at det var grunn til å stille spørsmål ved evna til å stå oppreist når det bles.» Han ville ha uavhengige tilsyn og sa at geografisk avstand er ein måte å få det til på. Han sa også at tilsyna må ha ein mental avstand til politikarar, media, lobbyistar og embetsverk.

— Eg kan vanskeleg oppfatte dette annleis enn som ei sterk mistillitserklæring til Konkurransetilsynet si behandling av SAS sitt oppkjøp av Braathens. Han sår tvil om integriteten vår. Dei tilsette i Konkurransetilsynet er nå rasande på Victor Norman og har absolutt ingen tillit til han, seier Trovåg.

Norman sin integritet

Trovåg meiner det er all grunn til å stille spørsmål ved Norman sin eigen integritet og evne til å stå imot påtrykk utanfrå. Han viser til det som skjedde i saka om Aker og Kjell Inge Røkke sitt oppkjøp av Kværner.

— Oppkjøpet skjedde i strid med avgjerd frå konkurransestyresmaktene i EU. Og då oppkjøpet skulle godkjennast, greip Norman inn for å få saka overførd frå EU til ei behandling i Noreg. Det skjedde trass i at EU hadde behandla saka før og gjort heile grunnarbeidet som trongst for ei rask saksbehandling. I dag veit vi at dette skjedde etter intenst påtrykk frå Røkke og Tore Tønne. Argumentasjonen for overføring av saka, var at det var større fare for nok eit inngrep og nekting av godkjenning av oppkjøp om saka vart behandla i EU, seier Trovåg.

Trovåg meiner også statsråd Norman si avgjerd i striden om Statskraft sitt oppkjøp av Agder Energi, reiser spørsmål om Norman si evne til å stå imot press.

— I den saka sa Konkurransetilsynet nei. Men etter massivt press, ikkje minst frå kommunane som åtte Agder Energi, omgjorde Norman Konkurransetilsynet si avgjerd, seier Trovåg.

- Ikkje kritikk

Victor Norman seier til Bergens Tidende at han ikkje har meint å kritisere korkje Dørum si avgjerd eller Konkurransetilsynet. Men han er usamd i vurderingane og i avgjerda i SAS/Braathens-saka.

— Eg har lenge meint dette, så dette dreier seg ikkje om nokon omkamp, seier Norman.

Norman seier at han er overtydd om at Konkurransetilsynet ville ha hatt andre vurderingar og kome til andre konklusjonar i SAS/Braathens-saka om dei hadde vore lokalisert andre plassar enn i Oslo.

Han meiner at tilsynet i den saka var prega av reaksjonane i flymiljøet etter 11. september 2001.

Han seier også at ettertida har gjeve han rett i at det var rom for to konkurrerande flyselskap i Noreg.