Utanriksdepartementet er også kalla inn på teppet til møte i Arbeidstilsynet i neste veke for å drøfte saka.

I eit brev som Utanriksdepartementet tok imot fredag, påtalar Arbeidstilsynet at vernetenesta og arbeidsmiljøutvalet i UD ikkje har fått tilgang til alle handlingsplanane som er utarbeidd i dei ulike avdelingane i departementet for betring av arbeidsmiljøet.

Krevjande

Tilsynet forstår ikkje korleis arbeidsmiljøutvalet i UD skal kunne oppfylle dei lovpålagde oppgåvene dei har etter arbeidsmiljølova utan fullstendig informasjon.

Arbeidstilsynet gjennomførde inspeksjon i Utanriksdepartementet i fjor haust. Tilsynsrapporten som var datert 26. oktober, avdekte mange feil og manglar og varsla ei rad pålegg.

Pålegga kom i brev av 1. desember. Her vart det mellom anna gjeve pålegg om å etablere rutinar, ei kartlegging av arbeidsmiljøet, utarbeiding av ein handlingsplan for betring av arbeidsmiljøet og gjennomføring av tiltak.

I ettertid viser det seg at UD knapt makta å halde ein einaste av dei fristane som vart sett. Arbeidstilsynet har også sett fingeren på søknader om utsett frist, men likevel, under tvil gått med på å utsette fristar.

Eit særsyn

Sektorleiar Inger Petrea Mowinckel i Arbeidstilsynet seier til Bergens Tidende at det ikkje er heilt uvanleg at det tek tid og at ein må gå fleire rundar med ein del verksemder for å få tiltak på plass etter tilsyn og pålegg.

Men det ein har opplevd i høve til UD er eit særsyn når ein har med eit departement å gjere. Men det er eit stort pålegg, legg Mowinckel til.

Fungerande pressetalskvinne i UD, Cathrine Andersen, er yttarst knapp i kommentarane til det siste pålegget frå Arbeidstilsynet. Ho seier at det nå blir arbeidd med å fylgje opp pålegga frå tilsynet, at det er tett kontakt med tilsynet og at UD avventar møtet med tilsynet i neste veke.

Kvass tone

Bettzy Tunold, som er hovudverneombod i UD, seier til Bergens Tidende at ho har notert seg den kvasse tonen i det siste brevet frå tilsynet.

— Det overraskar meg ikkje, for det skjer ikkje utan grunn. Det bør vere mogeleg for eit profesjonelt UD å levere kvalitet innanfor gjevne fristar, seier Tunold.

Ho legg til at det er pløgd ein god del ny mark på arbeidsmiljøområdet i UD etter at pålegget vart gjeve for ni månader sidan.

— Arbeidsmiljøkartlegginga avdekte at heile åtte prosent av dei tilsette i UD opplevde mobbing som eit problem på arbeidsplassen. Kva har skjedd med dette?

Ventar på oppfølging

— Nå må vi gjennomføre konkrete tiltak, mellom anna for å handtere mobbing, men også andre problem. Eg er ikkje kjent med at det er gjennomførd praktiske tiltak på dette området.

Tunold legg til at ho er svært godt nøgd med dei klargjerande styringssignala utanriksminister Jan Petersen og utanriksråd Sven Erik Svedman kom med på eit stort møte i UD førre måndag.

— Det handla om vekt på service, ei open line, kompetanse og leiarskap. Eg vonar at dette blir fylgt opp og at det blir sørga for tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet både heime i UD og ved utestasjonane, seier Tenold.