— Den nye helsereforma opnar for å prøve ut og drive sjukehus etter ei rekkje ulike modellar. Ein slik kan bli å få føre vidare drifta etter ein modell der dei tilsette tek over ansvaret for drifta, seier administrasjonssjef Harald Lindvik.

Administrasjonssjefen er overtydd om at det kan bli ei god løysing.

— Vi veit at vi driv effektivt. Også når det gjeld kvalitet er sjukehusdrifta her i Florø svært god. Begge delar skal vi kunne greie å dokumentere, og det vil måtte telje tungt dersom det blir prøvd å lage eit slikt opplegg.

Ein modell der dei tilsette driv sjukehuset vidare har alt vore drøfta på institusjonen, og skal ha samla brei tilslutnad.