— Vi har ingen tillit til statsråd Norman. Eg har vore tillitsvald i sentraladministrasjonen i 25 år og har aldri opplevd ein statsråd som har opptrådt på ein slik måte som Norman. Vi har opplevd eit utal statsrådar frå ulike parti og regjeringar. Utan å blunke vil eg seie at han er den klart verste statsråden vi har opplevd i løpet av alle desse 25 åra. Det gjeld uavhengig av regjering, parti og departement.

Dette seier leiaren i Sentraladministrasjonens tjenestemannslag, Tone Sønsterud, til Bergens Tidende.

Overrumpling

— Hovudankepunktet mot Norman er at forslag til omdanningar, som har store konsekvensar for dei tilsette, kjem nærmast som overrumpling. Det er også tydeleg at han ikkje ynskjer at alle kort skal kome på bordet. Det er lukka prosessar der få utanom ein spesielt utvald krins blir involvert. Slikt er dårleg leiarskap, seier Sønsterud.

— Eg skulle like å sjå arbeidsgjevarar i det private som kunne behandle dei tilsette og dei tillitsvalde slik Norman har gjort, spesielt slik det har skjedd i tilsynssaka, legg Sønsterud til.

— Det er sjokkerande at han stadig legg fram forslag og seier han har hatt tett kontakt med dei tillitsvalde. Det er kort og godt ikkje rett. Han kan ha hatt eit kort møte med hovudsamanslutningane, men det er noko heilt anna enn tett kontakt med dei tillitsvalde i etatane som blir omfatta, seier Sønsterud.

- Noko anna under Kosmo

Sønsterud strekar under at ho ikkje ventar at Norman sjølv skal sitje i møte med dei tillitsvalde. Men han har eit embetsverk til slik bruk. Ho viser til prosessen som vart gjennomførd før Statens informasjonstjeneste vart slegen saman med Statskonsult. Det skjedde i Jørgen Kosmo si tid som administrasjonsminister.

— Her var det ein open og inkluderande prosess. Det er slik det bør vere, slik at alt kjem på bordet og vi kjenner konsekvensane før vedtak blir gjort. Vi må få vite konsekvensane både på kort og lang sikt.

Sønsterud slår fast at einkvar statsråd vil gjennomføre endringar i forvaltninga.

— Det er vi vande med, og vi er ikkje imot regelforenklingar eller moderniseringar. Men ein må ta heile forvaltninga i bruk og vere inkluderande. Eg aksepterer at det blir fatta politiske avgjerder, men ein må då vite kva ein gjer og få korta på bordet, seier Sønsterud.

Viser til ytringsfridomen

Bergens Tidende har bede statsråd Norman om kommentarar til synspunkta frå Sønsterud. Han avgrensar seg til å seie fylgjande:

— Dette får står for Sønsterud si rekning. Vi har ytringsfridom i Noreg. Ut over det har eg ingen kommentarar.