Parforholdet blir ofte sett på prøve, når det første barnet kjem til verda. Det er på dette tidspunktet at den første store skilsmissebølga kjem, viser statistikken.

Derfor får no alle norske førstegongsforeldre tilbod om gratis samlivskurs. «God start» er del av regjeringa si satsing for å redusere talet på skilsmisser, der barn er involvert.

— Målet er ikkje å få par til å slutte å krangle, men å legge til rette for at dei kan lære seg å krangle og føle ubehag, utan å flytte frå kvarandre veka etter, seier prosjektleiar Frode Kavli i Barne- ungdoms- og familiedirektoratet til BT.

Kurset er nytt og norsk, og Noreg er pionér på dette området.

Fornøgde prøvekaninar

Kommunikasjon, konflikthandtering, seksualliv, humor og arbeidsdeling i kvardagen er viktige tema på kurset, som varar i 1-2 dagar. Gjennom rollespel får nybakte foreldre prøve ut nye måtar å kommunisere på, og møte andre par i parallelle situasjonar.

— Dette er rett og slett ein førebyggingsstrategi i lokalmiljøet. Målet er å lære folk å takle dei utfordringane som naturleg nok må kome i samlivet, seier Kavli til BT.

— Ekspertane kjem til familien i staden for at familien kjem til ekspertane. For når par kjem til familievernkontoret, kan toget vere gått.

Samlivsstoff er blitt populært i våre dagar. Avisene har eigne samlivssider, og det kjem stadig ut nye bøker om emnet. Kavli meiner at samlivsproblem er blitt langt mindre tabubelagt.

— Før fann slike samtalar berre stad bak doble dører på terapikontoret med full tausheitsplikt. I dag står utfordringane for parforhold og familiar på den offentlege dagsorden, og det er blitt naturleg å snakke ope med familie og vener.

«Først til mølla» i 2005

BUFDIR inviterer i første omgang 150 kommunar til å delta i «God start» til hausten. Det er sett av vel ni millionar kroner i år til prosjektet.

— Prinsippet om «først til mølla» gjeld. Alle norske kommunar som ønskjer å tilby kurset, kan melde seg på, seier informasjonsrådgjevar Unni Brattland.

Frå 2006 skal alle førstegongsfødande i samtlege norske kommunar få tilbod om kurset. Helsestasjonar og familievernkontor skal samarbeide om «God start» i kommunane.

— Kurset er eit forsøk på å gje nybakte foreldre inspirasjon og støtte i kvardagen og parforholdet, seier Bratland.

Meir info og påmeldingsskjema: www.bufetat.no/godstart