Det handlar sjølvsagt om pengar. Tre dagar før julaftan vart ein Mercedes Sprinter varebil tatt i kontroll, med eitt tonn overvekt.

Firmabilen var registrert med grøne skilt, og kunne maksimalt vege 3500 kilo med last. Bilen åleine vog 3250 kilo, så det var ikkje mykje igjen til lasta.

– Problemet er at dei som køyrer lovleg, blir utkonkurrert av dei som eigentleg berre har lov å køyre med varebilen tom, seier Tom Børslid, som er fagansvarleg for utekontrollar i Statens vegvesen i Bergen.

Sparar tid og pengar

Børslid seier det er eit aukande problem at transportfirma spekulerer i å registrere bilar under 3,5 tonn, og køyre med overlast. Børslid og andre folk i transportbransje BT har snakka med peikar på fire hovudårsaker til lovbrota:

Transportøren slepp å skaffe seg løyve, noko som kostar pengar og krev kursing og kunnskapar.

Transportøren slepp å stille 75.000 kroner i bankgaranti (for den første bilen, 25.000 for kvar av dei neste).

Sjåføren slepp óg å følgje køyre og kviletider.

Sjåføren kan køyre med vanleg sertifikat, noko som er ein fordel i ei tid der det er mangel på sjåførar.

– Problemet er at dei som køyrer lovleg, blir utkonkurrert av dei som eigentleg berre har lov å køyre med varebilen tom, seier Børslid.

Farleg i trafikken

I tillegg til at det er konkurransevridande, peikar Børslid på at det er direkte farleg å køyre med større vekt enn det bilane er konstruert for.

Vegvesenet har gjennomført enkelte kontrollar mot overlasta grønskiltbilar i haust. Ut på nyåret blir det fleire.

– Vi har visst om problemstillinga sidan i vår, men no er vi for alvor nøydde til sette inn mykje meir ressursar. Frå januar kjem vi til å køyre ganske intensivt med kontrollar, seier Børslid.

Han seier dei vil rette aksjonane spesielt mot bilar dei veit har liten nyttelast. Mellom anna vil Vegvesenet bruke sivile bilar, som vil ta varebilane i det dei køyrer ut frå lasteterminalen, fortel Børslid.

Dei som blir tatt vil få bot, og er overlasta stor nok kan sjåføren miste førarkortet.

Konkurrentane er fornøgd

Ein ringjerunde til eit knippe større transportfirma tyder på at Vegvesenet har solid støtte i bransjen for aksjonen.

Dagleg leiar og eigar av Wik Transport & Lager, Jan Inge Wik, meiner juksinga er eit problem for bransjen.

– Det er med på å øydeleggje for heile bransjen. Det verste er at det blir gjort bevisst med tanke på å bryte reglane, for å kunne ta oppdrag som dei elles ikkje skulle klare, seier han.

Han er ikkje i tvil om at jukset er konkurransevridande.

– Heilt klart. Dei slepp dei krava vi andre må halde oss til, og kan dermed senke prisane.

– Trur du problemet no vil forsvinne?

– Ja, det trur eg viss dei har ein del kontrollar. Men det spørst på reaksjonsforma. Viss det er berre er ei lita bot, bryr dei seg lite om det, seier han.

Reidar Asphaug, som eig og driv sin eigen bil i firmaet Budbilekspressen, meiner at bilforhandlarane óg har sin del av skulda.

– Det som skjer er at dei registrerar bilen inn, får ein lastekapasitet på til dømes 1500 kilo, så monterer dei lift og alt mogleg ekstrautstyr. Det einaste bilforhandlaren eigentleg lurar er kunden, for det føraren sitt ansvar viss vekta er for høg, seier han.

STØTTAR AKSJONEN: Transportfirma som spekulerer i å køyre bilane med overvekt for å spare pengar og krav om kviletid er med på å øydeleggje heile bransjen, meiner transportør Jan Inge Wik. Han er glad for at Vegvesenet no aksjonerer.
Silje Katrine Robinson