Da resultatet frå heimkommunen Selje kom tidleg på kvelden, 34,3 prosent av stemmene, måtte nordfjordingen Starheim blinke ut ei tåre frå augnekroken.

— Det er heilt overveldande, og ei heilt enorm tillitserklæring. Eg er audmjuk overfor dette, sa ein tydeleg rørt Starheim.

Og resten av kvelden gjekk det berre ein veg for Starheim og Frp.

Avhoppar frå Høgre

Før nominasjonen var det få utanfor det lokalpolitiske miljøet som visste kven den 59-årige listetoppen var. Spørsmålet er kor mykje av resultatet som er Starheims forteneste, og kor mykje som kjem frå den landsdekkjande Frp-bølga som vaska over landet i går.

Starheim har to periodar bak seg som representant for Høgre i Selje kommunestyre, samt ein periode som ordførar - også det for Høgre - på 80-talet.

Deretter melde Starheim overgang til Framstegspartiet, som han har representert i fylkestinget i inneverande periode.

Overfor Bergens Tidende karakteriserer Starheim seg heilt klart som ein moderat Frp-ar.

— Eg tar dette valresultatet som ei enorm tillitserklæring, og lovar å jobbe hardt for fylket i perioden som kjem, sa Starheim da det etter kvart var tydeleg kva veg det ville gå.

— Men eksempelvis innan landbrukspolitikken er vel Frp-politikken problematisk i ditt heimfylke?

— Ikkje nødvendigvis. Vi har sagt at vi ikkje skal fjerne nokon støtteordning før det finst alternative løysingar for dei som blir råka, seier Starheim.

Raudgrøn triumf

Valet i Sogn og Fjordane vart elles ein triumf for det raud-grøne alternativet, og eit sviande nederlag for alle av regjeringspartia.

Ikkje minst KrF og Høgre, der førstnemnde nærast er halvert.

På den andre sida triumferte Arbeidarpartiet med enorm framgang og to representantar - Reidar Sandal frå Florø og Ingrid Heggø frå Høyanger.

Sistnemnde kunne sleppe jubelen laus særleg etter å ha mottatt resultata frå industribastionane i Sogn - heimkommunen Høyanger og Årdal.

— 45,9 er kjempebra! Eg trudde og håpa på 40, sa Heggø om tala frå heimkommunen.

Og i Årdølane viste på nytt at dei langt på veg er klare for eittpartistaten, etter at Arbeidarpartiet kapra smått fantastiske 72,4 prosent av røystene.

Koalisjonskollega Heidi Grade Røys i SV overraska mange med eit svakt val, ikkje minst i heimkommunen Florø - ein bykommune med solide tradisjonar for mobilisering rundt sine kandidatar. Men denne gongen var det ikkje på langt nær nok.

SV må dermed stille seg i køen av håpefulle saman med KrF, Senterpartiet og Venstre - alle med sjanse på eit utjamningsmandat som femte representant frå fylket. Kven som får utjamningsmandatet blir kanskje ikkje avgjort før absolutt alle stemmer i heile landet er talt opp.