EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Det har gått heller dårleg med Ola Thunes store visjonar om å slå seg opp som privatdetektiv. Åtte år etter at han slutta i Kripos, vil han no attende dit han kom frå. Thune har søkt ei ledig stilling som avdelingssjef ved avdelinga for taktisk etterforsking ved Kriminalpolitisentralen (Kripos). Den høgt profilerte privatetterforskaren seier han vart beden om leggje inn ein søknad.

– Eg er i forhandlingar om ei leiarstilling i Kripos. Eg fekk ei forsiktig oppmoding om å søkje, og det har eg gjort, sa Thune i Gulating lagmannsrett torsdag

Taus Thune Opplysingane om at Thune ønskjer å gje opp heile privatetterforskar-karrieren kom fram under utspørjinga av Thune i Lindåssaka torsdag..

Etterpå ville han på ingen måte snakke om jobbsøknaden sin med Bergens Tidende.

– Du får snakke med Kripos om dette. Eg seier ingen ting, var beskjeden. Ved Kripos får BT opplyst at ingenting er avgjort om kven som får den ledige stillinga.

Millionkonkurs Livet som privatetterforskar har vore heller ugreitt, i alle fall sett med økonomiske augo. Samarbeidet med privatetterforskar Harald Olsen i selskapet Thune & Olsen AS havarerte i krangel og strid mellom dei to detektivane.

Men Thune meinte bestemt at han hadde funne ei lukrativ vekstnæring, og satsa hardt vidare i selskapet Thune Security AS. Med eit titals millionar kroner frå blant andre Orkla i ryggen, opna dei kontor både i Oslo og Bergen. I 1997 var planen å auke talet på tilsette frå 13 til 28.

Men inntektene let vente på seg. Etter tre år på rad med millionunderskot gjekk selskapet konkurs med ein smell i fjor sommar.

I konflikt med Kripos I retten torsdag ville aktor Walter Wangberg vite kor mange tilsette Thune har i dag.

– Vi har berre ein fast tilsett – meg, svarte Thune.

Detektivarbeidet er i dag organisert gjennom selskapet Ola Thune AS, som hadde eit årsresultat på 375.000 kroner i fjor.

Dersom Thune skulle bli tatt inn igjen i varmen i Kripos, betyr det at det er sett strek over gamle konflikter.

Då Thune slutta i Kripos, var det etter ein bitter strid med arbeidsgjevaren. Thune hadde på fritida si oppklara drapet på Anne Kristin Kullberg Jensen i Spania i 1992 – eit engasjement som gjorde førstebetjenten til kjendis og folkehelt, men som skapte ein kraftig knute på tråden med Kripos.

Sidan har han mange gonger hamra laus med skuldingar om dårleg politiarbeid i saker der han har vore hyra inn som etterforskar.

Men i retten torsdag forsikra Thune at han har det aller beste forholdet til dei gamle kollegane sine i Kripos.