• Hadde vi visst om dei nye opplysningane tidlegare ville vi ha sett fri mulla Krekar før. Etter at opplysningane kom fram, var det ikkje grunnlag for å halde han fengsla.

På denne måten «pungterer» førstestatsadvokat Erling Grimstad i Økokrim terrorisme-saka som Økokrim har freista å bygge mot Krekar.

Ikkje grunnlag

— Vi i Økokrim har nå, saman med Krekar sin forsvarar, Brynjar Meling, gjennomførd avhøyr som bevisopptak. Det har kome fram fleire typar opplysningar, og det er dette som gjer at eg ikkje lenger fann grunnlag for å halde Krekar i varetekt, seier Grimstad til Bergens Tidende.

Grimstad stadfester at dette i hovudsak er vitne som var avhøyrd av Økokrim i fjor haust og som lå til grunn for siktinga då Krekar vart fengsla av Borgarting lagmannsrett i januar.

Grimstad avslår å opplyse om kva type opplysningar det er snakk om som har endra oppfatninga hans. Heller ikkje vil han gje opplysningar om kvar og korleis avhøyra er gjennomførde. Han grunngjev dette med «tryggingsmessige omsyn» både for vitna og andre aktørar.

Han seier det er fleire type opplysningar, og dei siste fekk ein tysdag, som ligg bak avgjerda om å sette Krekar fri. Han seier at avgjerda om å setje han fri, er hans eigen som han har teke på grunnlag av dei opplysningane som nå ligg føre. Han stadfester likevel at avgjerda kom etter at advokat Brynjar Meling hadde sett fram krav om lauselating.

Utsett for tortur?

Grimstad vil ikkje kommentere opplysningane om at fleire av vitna har forklart at dei har vore utsette for totrtur.

Ein del av fengslingsgrunnlaget var faren for at Krekar skulle unndra seg straff, med andre ord røme.

Grimstad vil ikkje seie noko om korleis han ser på denne vurderinga nå.

— For min del sluttar eg av dette, at hovudgrunnlaget for fengslinga, nemleg skjelleg grunn til mistanke, har falle bort, seier forsvararen, advokat Bryjar Meling, til Bergens Tidende.

Meling er ytterst forsikting med kva han nå seier. Han vil ikkje opplyse om avhøyrssituasjonen. Men han opplyser at dei planlangde avhøyra ikkje vart fullførde, avdi opplysningane som kom fram gjorde at Økokrim ville stoppe.

Han tolkar det som svært positivt sett frå Krekar si side.

Han reknar med at det nå blir ei påtalemessig avklaring i løpet av mars og trur at den ville falle positivt ut for Krekar.

Meling opplyser at erstatningskravet mot staten kjem til å bli nokså høgt, ikkje for at Krekar skal sko seg, men for å statuere eksempel slik at det ikkje skal vere ein invitasjon til ei behandling i strid med viktige rettsprinsipp.