Kommunal– og regionaldepartementet har bestemt at tapet skal førast i 2007 og at kommunane får fire år på seg til å dekke dette inn. Departementet ser ikkje vekk frå at det kan gå ut over tenestetilbodet i kommunane.

– For kommunane vil dette gje omfattande omstillingsutfordringar, slår statsråd Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) fast.

Departementet har bede fylkesmennene om å følgje opp dei råka kommunane og sjå til at dei kan halde ved like tenestetilbodet på eit forsvarleg nivå.

(NPK)