Mari Byrknes (16), Godvik

1: Eg er bekymra for konsekvensane av klimaendringane. Viss vatnet stig så står Bryggen i Bergen i fare.

2: Eg prøver å ta mest mogleg buss, og så sorterer eg bosset.

Ivar og Josephine Larsen (45 og 5), Stokkedalen

1: Eg trur ikkje atmosfæren kan absorbere all forureininga. Derfor vil vi sjå forandringar i klimaet, og det vil bli varmare.

2: Eg syklar til jobben heile året.

Terje Binder (64), Åsane

1: Eg les det som står i avisene om klimaendringar, og ser på det med bekymring. Det går verst utover fattige land, og det er der ein må satse.

2: Eg prøver å spare straum, og å redusere bilkøyringa. Men det er ikkje så enkelt å endre vanar.

Grete og Mathias Haveland (32 og 8), Arna

1: Vi tenkjer ikkje så mykje på det, men vi ser jo at klimaet endrar seg, mellom anna ved at det er mindre snø no enn før. Det er litt urovekkjande.

2: Vi har kjeldesortering og varmepumpe.

Gunnhild Nilsson (78), Bergen

1: Det er skummelt. Ikkje for oss gamle, men for dei unge. Vi skulle jo hatt snø no. Myndigheitene kom for seint i gang med å gjere noko.

2: Eg slår ned varmen om kvelden og passer på at eg ikkje har meir lys på enn eg må, både for straumrekninga og miljøet sin del. Eg tenkjer på ungane mine som skal arve dette.