— Eg kvir meg til første vakta på nyåret, sa lege Gunnar Ramstad ved Fana legekontor til Bergens Tidende før jul. Han ropte eit varsku mot ordninga som frå 1. januar inneber at legane må senda rekning på inntil 80 kroner for kvar telefonsamtale, også i tilfelle der legen ringer til pasienten for å høyra korleis det går med han.

Det gjer ikkje saka betre at berre 35 kroner kan førast i kortet for eigendel, der «taket» no er heva med 12 prosent, til 1550 kroner. Resten er faktureringsgebyr.

Før betalte staten 35 kroner til legane for slike samtaler, men for å spara desse pengane, påfører staten pasientane meir enn det dobbelte i utgifter. Frå 1. juli i fjor vart eigendel innført for telefonsamtalar som førte til utferding av dokument, til dømes resept. Frå årsskiftet skal alle telefonsamtalar fakturerast.

— Eg trur ikkje politikarane veit kva byråkrati dei har sett i gang, sa Gunnar Ramstad. Han viste til at dei fire legane i Fana legesenter har rundt 2500 telefonkonsultasjonar i året. På landsbasis skal om lag tre millionar fakturaer sendast ut årleg.

Men ordninga, som er sterkt kritisert av både legar og pasientar, vil neppe vara i eit heilt år. Arbeidarpartiet sin helsepolitiske talsmann, Asmund Kristoffersen, har teke opp saka med helseminister Dagfinn Høybråten for å få slutt på ordninga alt til våren. Statssekretær Kristin Ramnanger i Helsedepartementet stadfester overfor NRK at departementet vurderer å fjerna eigendelen som vart innført for seks dagar sidan.