Dermed unngår ein at Røkke får status som sikta. Beslaglegging ville automatisk ha medførd at Røkke vart sikta.

Båtmeklar Erik Øye, mellommann i samband med at Røkke fekk svensk sertifikat, fekk status som sikta då det vart gjennomførd ransaking og beslag i heimen og på kontoret hans. Ingen andre er førebels sikta.

Røynde folk i påtalemakta som Bergens Tidende har hatt kontakt med, stiller seg uforståande til at sertifikatet ikkje er beslaglagt. Det blir vist til at normal framgangsmåte vil vere å beslaglegge kjente openberre bevismiddel.

Sertifikatet vil kunne tene som bevis både i korrupsjonssaka som Oslo-politiet etterforskar, og i saka om ulovleg føring av båt som sjøfartsinspektøren arbeider med.

— Ut frå den dokumentasjonen vi har, har vi ikkje sett det som naudsynt å beslaglegge sertifikatet til Røkke, opplyser Audun Øvrebø, informasjonsmedarbeidar ved Oslo politidistrikt

Han seier han kan «garantere» at det ikkje er utslag av «klasse-juss» - at Røkke får særbehandling - når sertifikatet ikkje er beslaglagt. Politiet gjennomfører nå avhøyr av fleire personar.