EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

"Hvorfor nye MTB-er må prioriteres", var tittelen på eit debattinnlegg i Bergens Tidende torsdag. Artikkelen var signert "kontreadmiral Hans Kristian Svensholt, tidligere generalinspektør for Sjøforsvaret", og inneheldt eit langt angrep på regjeringa sitt ønske om å skrinleggje bygginga av nye MTB-ar.

Det den tidlegare toppsjefen for Sjøforsvaret ikkje skriv, er at han sjølv har sterke personlege interesser i at båtane blir bygde. Svensholt står på lønningslista til Ulltveit-Moe Gruppen AS — største eigaren i verftet som har bygd den nye MTB-en: Umoe Mandal. Svensholt er også styremedlem i Umoe Mandal AS.

I godt selskap Svensholt er tilsett som rådgjevar nettopp på MTB-prosjektet, som i desse dagar heng i ein tynn tråd, og har spesielt ansvar for marknadsføringa av båten internasjonalt.

Han er ikkje aleine om å gå direkte frå toppjobbar i Forsvaret til å delta i kampen om offentlege milliardkontrakter. Eksempla er mange:

  • Generalløytnant Eivind Schibbye, tidlegare sjef for Forsvarskommando Sør-Noreg og nestkommanderande for NATOs Nord-Europa-kommando. I dag agent for Eurofighter, som kjempar om posisjonen som neste generasjon jagarfly i Noreg.
  • Generalløytnant Per Bøthun, tidlegare sjef for Forsvarskommande Nord-Noreg og sjef for pressekontoret ved Forsvarets overkommando. I dag tilsett hos F16-fabrikken Lockheed Martin, som er mogleg produsent av den planlagte JSF-jagaren og konkurrent til Eurofighter.
  • Viseadmiral Leonhard Revang, tidlegare stabssjef ved Forsvarets overkommando. I dag rådgjevar ved Mjellem og Karlsen i Bergen, og aktiv i kampen om fregatt-kontrakten som sikra Mjellem og Karlsen million-oppdrag for spanske Bazan.
  • Kontreadmiral og tidlegare generalinspektør for Sjøforsvaret Kjell Amund Prytz. Gjekk direkte til stilling som spesialkonsulent for Kværner Mandal, som blant anna utvikla dei nye mineryddingsfartya.

Ser ingen vanskar Det er ikkje småpengar det står om når forsvarskontrakter skal tildelast. Fregattane kjem på vel 12 milliardar kroner, dei nye jagarflya er kostnadsrekna til svimlande 36 milliardar kroner, medan MTB-ane vil koste staten om lag tre milliardar.

Offiserar kan pensjonere seg allereie etter fylte 57 år, og tidlegare forsvarstoppar er ettertrakta arbeidskraft for militærindustrien. Førsteklasses kontaktnett og detaljkunnskap om kven som avgjer kva er gull verd i den beinharde kampen om forsvarsmilliardane.

Kontreadmiral Svensholt ser ingen vanskar med å bruke den gamle topp-posisjonen sin i Forsvaret i kampen for mtb-kontraktene - sjølv om han er lønna av Ulltveit-Moe Gruppen.

— MTB-ane har eg kjempa for heile mitt liv. Eg seier det same i dag som eg sa den gongen eg var generalinspektør, seier Svensholt.

— Så det er idealisme som ligg bak?

— Det kan du godt seie. Og eg er veldig merksam på at eg ikkje skal blande rollene mine.

— Men kvifor signerer du ikkje da debatt-innlegget i BT med "rådgjevar for Umoe Mandal"?

— Det kunne eg sjølvsagt gjort. Men eg følte at bakgrunnen min i Forsvaret var meir interessant for folk flest i denne samanhengen, seier Svensholt.

Avhengig av norsk satsing Han opplyser at han arbeider i 25 prosent stilling for Umoe Mandal, med ei timelønn på om lag 600 kroner. Svensholt understrekar også at han først og fremst arbeider med eksportplanane for MTB-ane - spesielt retta mot USA. I tillegg kjem strategiutvikling og andre eksportprosjekt for Umoe.

— Eg deltek ikkje i forhandlingar med det norske Forsvaret, seier Svensholt.

— Korleis går det med eksporten dersom ikkje Noreg investerer i MTB-båtane?

— Utan norske investeringar vil interessa frå USA bli dramatisk redusert, det er klart, seier Svensholt.

Les også: - Svensholt villeiar Strengt i USA og England