Dei parlamentariske leiarane hadde i går ettermiddag ein første diskusjonsrunde om kabalane som må leggast.

Presidentskapen på Stortinget tel seks medlemer: ein president og ein visepresident i kvar av dei tre avdelingane: Stortinget, Lagtinget og Odelstinget.

«Kjøtvekta» avgjer

Desse verva som alle andre gode, blir tradisjonelt fordelt etter «kjøtvekta», røystetalet og representanttalet.

I prinsippet er det rein matematikk. Det gjev Ap to plassar og dei fire nest største partia eit medlem kvar i presidentskapen.

Lagtinget rangerer etter tradisjonen over Odelstinget. Det har vore ein viss diskusjon om Ap skal ha lagtingspresidenten ved sidan av stortingspresidenten, eller om Høgre kan gjere krav på denne posten.

Det er ikkje heilt avklart kva som skal inn i presidentskapen. Slik det nå ser ut vil Thorbjørn Jagland (Ap) blir stortingspresident, Carl I. Hagen (Frp) visepresident, Berit Børby (Ap) president i Lagtinget eller Odelstinget, avhengig av utfallet av tautrekkinga med Høgre som får ein av dei to postane, etter alt å døme med Inge Lønning. Han var i førre periode visepresident i Stortinget. Vidare får SV visepresidenten i Lagtinget medan KrF får visepresidenten i Odelstinget.

Det er nå klart at Jon Lilletun vil gå inn i presidentskapen på KrF sin plass.

Ulike kjelder hevdar overfor Bergens Tidende at Lodve Solholm (Frp)som i førre periode var president i Lagtinget og nå må vike sete i presidentskapen for å gje Hagen plass, er tenkt plassert som leiar i den viktige Kontrollkomiteen.

Komiteane

Når det gjeld komiteane gjev matematikken fire leiarverv til Ap, tre til Frp, to til Høgre og eitt til kvar av dei andre fire partia på Stortinget: SV, KrF, Sp og V.

Det inneber at dei påtroppande regjeringspartia vil få seks komiteleiarverv, opposisjonen sju i dei tilsaman 13 komiteane.

I Ap er det sterk misnøye med dette. Ap og Frp har røyster «til overs» og kan teoretisk inngå ein avtale, bruke makta si og endre denne fordelinga. Dersom ein ikkje blir samd tidlegare, kan saka bli avgjort først i plenum, og der vil regjeringspartia ha fleirtal.

Spørsmålet om kva leiarverv dei ulike partia vil få, er ikkje diskutert, men det er synspunkt som går på at Ap kan «krevje» å få utanrikskomiteen.

Det er også ei krevjande oppgåve å setje saman komiteane på ein slik måte at ein unngår at opposisjonen får fleirtal i komiteane. For ein slik situasjon kan skape mykje ugreie under behandling av saker i Stortinget.

Det inneber at talet på medlemer i komiteane kan bli tilpassa etter kven som har leiarvervet. Ein kan då tillate seg at komitear som har leiar frå regjeringspartia, kan ha eit partal av medlemer. Då kan leiaren nytte dobbeltrøyst. Der opposisjonen har leiaren, må ein ha eit ulike tal medlemer med opposisjonen i mindretal.