Rune Teisrud var sjølv med på å rette knallhard kritikk mot Sjøfartsdirektoratet, som medlem i granskingskommisjonen etter «Sleipner»-ulykka.

No sit han på andre sida av bordet, som nyutnemnt leiar for det direktoratet han sjølv slakta, og som no får gjennomgå av Riksadvokaten – sjølv om dei slepp straff.

— Eg har ingen kommentar. Vi må sjå nøye på det Riksadvokaten har sagt først, seier Teisrud. Han viser også til at han er i ei dobbeltrolle som tidlegare medlem i granskingskommisjonen.

— Eg må vurdere mi rolle oppi dette saman med juristane våre, og kanskje også med departementet, seier Teisrud.

Granskingskommisjonen Teisrud var medlem av var ikkje nådige mot Sjøfartsdirektoratet i sin rapport. Dei påpeikte ei rekkje tabber direktoratet var skuldige i:

  • Godkjente flåtar med ulovlege utløysarar.
  • Oppdaga ikkje at naudkraftkjelda var feilplassert.
  • Godkjente eit evakueringsarrangement som ikkje heldt mål.
  • Ga driftsløyve utan at mannskapet hadde den nødvendige opplæringa, utan at handbøkene om bord var ferdige, og utan at fartyet var testa som det skulle.