• Justispolitikarane på Stortinget vender det dauve øyret til når Rettssikkerhetsutvalet i Advokatforeningen prøver å få dei i tale om rettstryggleiksprinsipp.

VIDAR YSTAD

Det seier leiaren for Rettssikkerhetsutvalet, advokat Pål W. Lorentzen, til Bergens Tidende.

Denne veka presenterte Lorentzen, saman med resten av utvalet, eit framlegg til nytt rettstryggleiksprogram for Advokatforeningen.

Utvalet går nå til kamp mot romavlytting som det siste politimetodeutvalet gjekk inn for.

— Stortinget og justispolitikarane der, framstår som ei populistisk forsamling som tilsynelatande kastar seg på medieoppslag i von om å skaffe seg og partiet sitt positiv omtale, hevdar Lorentzen.

— Klimaet for rettspolitisk debatt er blitt klart forverra etter 1. september 2001. Det er ingen gjenklang å få når vi reiser slike spørsmål overfor justispolitikarane på Stortinget. Det var heilt annleis før.

Lorentzen meiner norske politikarar har akseptert eit nytt trugsmålsbilete som er servert utanfrå. På det grunnlaget er ein så villig til å ta i bruk meir og meir drastiske politimetodar.

Han meiner utviklinga i justisminister Odd Einar Dørum sine haldningar i så måte er illustrerande:

— I 1998 var Dørum og Regjeringa imot romavlytting. I dag står dei tydelegvis for ei heilt anna line.

Berit Reiss-Andersen, som er nestleiar i Advokatforeningen og medlem av Rettssikkerhetsutvalet, seier det slik:

— Saka om romavlytting gjeld kva grad av sivilisasjon vi vil ha. Romavlytting er ikkje eit rettssamfunn verdig. Å vere mot romavlytting er ikkje det same som å vere for organisert kriminalitet, terror og annan alvorleg kriminalitet.

Reiss-Andersen har bakgrunn som statssekretær i Justisdepartementet for Ap. Det har også eit anna av medlemene i utvalet, Ingeborg Moen Borgerud. Også Pål W. Lorentzen er erklært Ap-medlem.

Dei medgjev alle at hittil har vore lita forståing for verdien av dei rettstryggleiksprinsippa dei har framheva også hjå eigne partifellar på Stortinget.

Rettssikkerhetsutvalet rettar også kritikk både mot pressa og mot eigen stand for å vere for lite kritiske, dels for lite sjølvkritiske, dels for lite kritiske mot makthavarane.

— Her sviktar pressa si rolle, meinte Lorentzen.