— Vi ser gjerne at det kjem forslag på fleire kvinnelege kandidatar, seier informasjonsrådgjevar på Slottet, Sven Gj. Gjeruldsen, sekretær i Ordensrådet. Han understrekar at talet på kvinnelege kandidatar har auka noko dei siste åra.

— Det er vi tilfredse med, seier han.

Utover dette gjev ikkje Slottet konkrete kommentarar rundt sakshandsaminga ved tildelinga, seier Gjeruldsen.

Han viser til at det er Fylkesmannen i det einskilde fylket som sakshandsamar og tilrår dei einskilde søknadene. Men han understrekar at kvart einaste forslag til tildeling får individuell handsaming

— Kongen kan sjølvsagt også tildela ordenar og medaljar utan at det på førehand kjem inn forslag, seier Gjeruldsen.

Ofte er det kollegaer, vener, familie og representantar for lag og organisasjonar som kjem med forslaga. Men i prinsippet kan alle nordmenn foreslå kandidatar. Forslaga vert sendt via Fylkesmannen i heimfylket som også sørgjer for at korrekte grunngjevingar og vedlegg til søknadene vert lagt ved.

Slottet gjev aldri opplysningar om kor mange søknader som vert avslått.