Dermed stiller TV 2-sjef Kåre Valebrokk kollega Bernander i ein vanskeleg posisjon. Endå verre vil det bli om Bernander og NRK skulle nekte TV 2 å vise filmen. Det ville bety at allmennkringkastaren NRK aktivt hindrar det norske folket i å få sjå dokumentaren.

Måndag må Bernander forklare seg for styret i NRK.

Kan snu

Bernander kan enno «ombestemme seg» og eventuelt gå inn for ei «redigering» av filmen. Men det vil bety ei desavuering av dei sjefane som har avsagd «dødsdom» over filmen.

Det var i går ikkje råd å få svar på om NRK vil la TV 2 vise filmen eller kva NRK nå vil gjere. Tidlegare på dagen stod fjernsynssjefen, Anniken Bjørnstad, i samtale med BT fast på at avgjerda om ikkje å vise filmen, er endeleg.

— Vi vil vise filmen

— Vi har sagt oss interessert i å overta senderettane til filmen, som vi har sett. Den tek opp ei rad viktige spørsmål, og det er ein viktig film det norske folket bør få sjå. Filmen kan godt sendast på TV 2. Det er berre mindre ting vi meiner bør kome litt klarare fram. Det krevst ingen vesentlege endringar, seier informasjonsdirektør Runde Indrøy i TV 2 til Bergens Tidende.

— Dette er ei pussig sak. Vi er kjent med at NRK har stilt 90 spørsmål til Borgen. Fleire av dei luktar av underkjenning, seier Indrøy.

- I forhandlingar

Erling Borgen opplyser til BT at han er i forhandlingar med TV 2 om vising av filmen.

— Eg er orientert om at TV 2-sjefane har sett filmen og ynskjer å sende han. Det er heilt strålande. Samstundes set det NRK i eit underleg lys. Det er litt rart og litt kjedeleg for meg som har brukt mestedelen av mitt vaksne liv i NRK, men samstundes er eg veldig glad for at TV 2 ynskjer å sende filmen. Nå må vi gjennom kontraktsforhandlingar som handlar om pengar, seier Borgen.

— NRK har full rett til ikkje å vise filmen. Men det er viktig at det ikkje betyr at heller ingen andre får vise filmen, seier Borgen sin advokat, Eirik Djønne.

På Bergen kino

— Eg har ikkje sett filmen og kan ikkje uttale meg om den. Det er ingen tvil om at Bernander som redaktør med utgangspunkt i redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten har rett til ikkje å vise filmen, seier generalsekretær Per Edgar Kokkvoll i Norsk Presseforbund .

— Å avdekke kritikkverdige forhold er ei viktig oppgåve for media. Det betyr at Bernander bør ha særleg gode grunnar for ikkje å vise denne filmen, seier Kokkvoll.

Bergen SV oppmoda i går Bergen kino om å setje opp filmen NRK ikkje vil vise: «Et lite stykke Norge».