Eitt av dei sentrale spørsmåla er om i kva grad tv-medarbeidaren har informert kollegaer og overordna om kontakten sin med Bhatti og kva karakter denne kontakten har hatt.

Konserndirektør Rune Indrøy i TV 2 opplyser til Bergens Tidende at TV 2-medarbeidaren gjennomgår slike spørsmål i den rapporten ho sjølv leverte til TV 2-leiinga fredag ettermiddag.

— Vi har gjennomgått rapporten og skal drøfte dette i eit møte vi skal ha med henne snarast råd. Vi kan ikkje seie meir om dette nå, seier Indrøy.

TV 2-leiinga arbeider også med å klarlegge omstenda rundt bruken av den spesielle telefonen som Bhatti skal ha kommunisert med TV 2-medarbeidaren på. Ifølgje Indrøy er medarbeidaren utstyrt med berre ein telefon frå TV 2.

TV 2 gjer også forsøk på å finne ut omfanget av besøk som Bhatti har hatt gjort i TV 2 sine redaksjonslokale i Oslo ifølgje med TV 2-medarbeidaren.

I prinsippet skal alle slike besøk registrerast. Men på grunn av vedvarande byggearbeid i lokala til TV 2 i Oslo, har registreringa vore mangelfull opplyser Indrøy.

— Har han hatt tilgang til datasystemet i TV 2?

— Eg kan ikkje utelukke noko som helst. Men dette er av dei forhold vi freistar å finne ut av, seier Indrøy.

IKKJE LENGER: TV 2 er sterkt prega av søkelyset mot TV 2- medarbeidaren som politiet meiner har vore hemmeleg kjæraste med norsk-pakistanaren Arfan Qadeer Bhatti. TV 2 ville i går ikkje sleppe BT sin fotograf inn i redaksjonslokala i Oslo der det pågår byggearbeid.