EVA RØYRANERUNE SÆVIG (foto)

Vi kjem med toget om natta og blir slegne av det storslåtte alt på drosjeturen fram til hotellet. Gamle, store palass ligg vegg i vegg langs hamnegata og minnar om Wien. Eit magisk blått lys fyller ein diger piazza som vi passerer på venstre hand. Drosjen stoppar ved neste palass. Hotellet vårt gjer ikkje skam på den prangande hamnefasaden.

Det var ein gong i Trieste. Hamnebyen blei viktig under romarane i dei første hundreåra etter Kristus. Men Trieste kom i skuggen av Aquileia, «vesle-Roma» som vaks fram lenger vest ved Triestebukta. Først då habsburgerane på 1700-talet såg potensialet i Trieste som hamneby for sitt keisarstyrde innlandsrike, vakna byen til live att.

Habsburgarane med keisarrinne Maria Teresia i spissen, reiv mykje av mellomalderbyen og på 1800-talet sette østerrikske byplanleggjarar i gang med sentrumsregulering. Dei barokke og nyklassisistiske palassa poppa opp, dei fylte heile kvartal og var rikt dekorerte.

Men så blei Trieste italiensk, og Italia hadde så mange andre driftige hamnebyar. Trieste blei liggjande og mygla der lengst aust i Italias bakhage. Triste Trieste.

Politisk heksegryte

Denne byen på grensa mellom det latinske og det balkiske har vore ei politisk heksegryte. Under siste verdskrigen la det tredje riket si klamme hand over Trieste, Jugoslavia okkuperte byen og i åtte år blei Trieste styrt av ei britisk/amerikansk militærregjering. Først i 1954 var byen tilbake på italienske hender.

Under habsburgerane tiltrekte Trieste seg folk frå alle kantar, byen blei ein kulturell smeltedigel, eit multietnisk samfunn, framleis er her seks aktive religionar. Her bur framleis slovenarar, kroatar, grekarar, tyrkarar og italienarar. Her er lutheranarar, katolikkar, ortodokse, jødar, metodistar og muslimar. Og dette hopehavet var lenge langt frå problemfritt.

Men på 1990-talet skjer det noko i Trieste. Dei konservative må gje frå seg makta, reformalliansen med Riccardo Illy i spissen, tar over og pussar opp byen, både fysisk og mentalt.

No, etter ti år, er triste Trieste historie. Byen er eit fascinerande bekjentskap, nyare og arkitektonisk annleis enn mange andre italienske byar, men likevel så italiensk.

Når kelner Paul Mata jagar duer med stokk frå uterestauranten på rådhusplassen, er du ikkje i tvil om kva land du er i. Her promenerer ytterst velkledde italienarar omkring, mange eldre, nokre med barnevogn. Ein flokk vaksne venninner i pels og solbriller har føremiddagstreff i solveggen. Med espresso. Her er det Goretex-fri sone. Dette er definitivt ikkje Addidas-land. Seinare ser vi at kleskodane er litt meir varierte andre stader i byen.

Gjerandslaus hamn

Frå rådhusplassen med det blå lyset kryssar vi hamnegata. Den nystrigla piazzaen held fram heilt ut på kaien. Dei slitne marmortrinna som møter vatnet, har lege her lenge og vore med på det meste. Det same har moloen som stikk til havs herifrå.

Ferskenlyset gløder. Vi går utover og ser ingen ende. Moloen synest vera uendeleg. Havet og himmelen går i eitt. Svarte menneskesilhuettar forsvinn frå oss og kjem mot oss. Det er som å vandra i eit grafisk bilete.

Nett slik kan det ha sett ut her på denne moloen for eit hundre år sidan og for to hundre år sidan. Men aktiviteten omkring moloen har endra seg mykje. Den ein gong så travle gamle hamna har falle til ro.

Det dundrar i stål i det fjerne, nokre få gule kranar rører på seg, dei lossar det einaste skipet som er sjå. Alle dei andre kranane står gjerandslause, som attgløymde kjempestrutsar står dei der attmed fleire hundre meter lange hamnehus, som det heller ikkje er bruk for lenger. Den nye travle hamna i Trieste ligg lenger sør i byen.

Trieste er med i konkurransen om å bli vertsby for Expo 2008. Lukkast det, er planen at den gamle hamna skal bli utstillingsområde. Hamna skal få nytt liv med husvære, hotell og anna næringsverksemd.

T for you, heiter det i reklamen. T for Trieste. Expo-kandidaten veit at det gjeld om å bli lags merke til. No før jul var drosjane og undergrunnsstasjonane i Milano tapetserte med Trieste-reklame.

Eit kvitt slott

På eit nes, sju kilometer nordvest for byen ligg Miramare, det kvite slottet til erkehertug Maximilian av Habsburg, lillebroren til keisar Franz Josef. Den gode Maximilian var ein uheldig mann, har rakk nesten ikkje å få brukt det staselege slottet før han vart utnemnd til keisar av Mexico og drepen på ei reise dit. Kona hans Charlotte blei gal, og det festa seg etter kvart eit inntrykk av at det gjekk ille med alle som kom til Miramare.

No for tida tek svært mange sjansen på å dra hit for å sjå slottet som i stor grad er uendra sidan Maximilian og Charlotte budde der på 1860-talet. Miramare er blant Italias best besøkte turistattraksjonar, fortel dama på turistinformasjonen.

Romma på slottet er tungt møblerte og heftig dekorerte. Her er det silketapetar, ditto gardiner, utskjeringar i tre, intarsia og mønstra parkett som matchar dekoren i taket. Her er eit eige orientalsk rom for røykjarar og ein diger tronsal pryda med måleri av Maximilian og alle slektningane hans i det habsburgske riket.

Vi står i skumringa ute på marmorterrassen. Duene vaglar seg kurrande i eføyen, det lyser frå fiskebåtane som gjer seg klar til nattfiske, Trieste ligg som ei stripe av gult lys i det fjerne. Fotograf Sævig meiner Maximilian nok burde ha droppa pliktene i Mexico og blitt verande her.

På den andre sida av slottet ligg ein 12 mål stor hage. Maximilian ville ha ein middelhavshage her, men det gjekk ikkje, Bora tok knekken på den draumen. Bora er namnet på den kalde vinden som plar gjennomkjøla Trieste-området vinterstid. I staden blei det planta sypresser og buksbom og andre meir hardføre planter på terassane og langs stiane.

Avviste Haider

Verdskrigane sette sine spor i denne byen. Den gamle rismølla San Sabba blei brukt som konsentrasjonsleir av nazistane. I dag er San Sabba museum. Museet er ope for alle bortsett frå politikarar på ytste høgre fløy som vil dit for å hausta politisk gevinst. Jurg Haider sitt planlagde besøk for nokre år sidan vart stansa av dåverande ordførar i Trieste Riccardo Illy.

Forfattaren James Joyce budde i Trieste i fleire periodar av sitt liv. Den italienske forfattaren Italo Svevo var herifrå. Fotspora deira fornemmar du på dei mange historiske kafeane i byen. Den eldste, Tommaseo, ser ut om lag som ved opninga i 1830.

Kroatia er blitt det nye badeferielandet i aust-Europa. Trieste er ein naturleg stoppestad for mange som er på veg dit. Mange britar kjem fordi Ryan Air flyg hit.

Vi drog frå Trieste med toget, nordvestover mot Venezia. Langs Triestebukta, bort frå ein svært annleis italiensk by. Vel verd ein visitt også av den grunn.

DEN GAMLE HAMNA: Trieste har rista av seg tristessen og gjer seg i dag gjeldande som innfallsport til det nye Europa. Den nye hamna er travel. Men på moloen i den gamle hamna rår kvilepulsen. Det var her det skjedde då Trieste var hamneby i det østerrikske keisarriket.

DET KVITE SLOTTET: Slottet Miramare blei bygd for erkehertug Maximilian, som så vidt rakk å ta den nye heimen i bruk før han blei drepen på ei reise til Mexico.

JAGAR DUER: — Det er greit med ei due her på uterestauranten, men ikkje hundre, seier kelner Paul Mata. Han jagar duene med stokk frå Caffe degli Specchi på rådhusplassen, ein av dei mange historiske kafeane i Trieste.

JAMES JOYCE VAR HER: Kafeen Tommaseo har interiøret frå 1830 intakt. Her var forfattaren James Joyce gjest under sine opphald i byen.

VEGGPRYD: Den gamle habsburgarane er veggpryd på slottet. Interiøret står som det gjorde då Maximilian og Charlotte forlet Miramare.