Den tidlegare forsvarsministeren har kome i søkelyset på bakgrunn av pengebruken og reiserekningane som den nære venen, kontreadmiral Atle Torbjørn Karlsvik, nå blir granska for.

Bergens Tidende har gjennomgått alle dei 137 reiserekningane til Kristin Krohn Devold gjennom dei fire åra ho var forsvarsminister. Gjennomgangen avdekker at det har skjedd svært mange avvik eller feil jamført med det statlege regelverket.

Fråskriv seg ansvar

Forsvarsdepartementet veltar alt ansvaret over på Kristin Krohn Devold ved å opplyse til Bergens Tidende at departementet baserer seg på dei opplysningar den reisande gjev utan ytterlegare kontroll.

Kristin Krohn Devold vil ikkje uttale seg til Bergens Tidende. Ho svarar elektronisk at alle reiserekningane hennar er godkjende av departementet og viser elles til departementet.

Gjennomgåande feil

Ein vanleg feil hjå Krohn Devold er at det ikkje er gjort frådrag for måltid som er betalt når ho samstundes har kravd å få full diettsats.

Diettsatsen for innlands reiser som varer over 12 timar, er 460 kroner. Statens reiseregulativ er krystallklart på at det skal gjerast frådrag i diettsatsen når måltid blir betalt utanom diettsatsen. For frukost er frådraget 75 kroner, for lunsj 175 kroner og for middag 210 kroner.

Dersom alle måltida blir betalt eller spandert av andre, blir diettsatsen null.

I fleire tilfelle er det også kravd diett og natttilleg ved til dømes militær innkvartering.

Bergen og Voss

Reisene omfattar i mange tilfelle besøk til militære anlegg/forlegningar. Reiserekningane indikerer at statsråden knapt nokon gong er blitt servert fullverdig mat ved slike besøk. Rekningane indikerer også at overnattingane i militæranlegg har vore mindreverdige.

Mange overnattingar har skjedd på Bergenhus festning. I eitt tilfelle er det også her kravd nattillegg.

Ved to overnattingar på Fleischers hotell på Voss, i januar og i mars 2002, har statsråden fått utbetalt full diett sjølv om frukost var inkludert i hotellrekninga.

Ein militær sekretær frå departementet som reiste saman med Krohn Devold, gjorde frådrag for frukost i den eine av reiserekningane sine. Det gjorde også Atle Torbjørn Karlsvik som var saman med statsråden på turen.

Det er svært mange slike rekningar i Krohn Devold sitt reisereknskap.

Kystvakttur

I mars 2002 fekk statsråden utbetalt nattillegg på 400 kroner og full diett for ein tur med kystvaktskipet «Svalbard». Begge delar er i strid med regelverket. Turen starta med helikopter frå Oslo til Kragerø klokka 18.00 6. mars. KV «Svalbard» gjekk frå Kragerø klokka 19.00 med kurs for Oslo. Fartøyet la til kai klokka 9.30 neste dag.

Om bord i KV «Svalbard» fekk statsråden gjestelugar med separat dusj og toalett. Alle om bord hadde tilgang til kveldsmat: ost, skinke, diverse matvarer frå kjøledisk og kjøleskåp. Neste morgon var det full frukost. Kveldsmaten var tilgjengeleg frå klokka 19.00, frukosten vart servert frå klokka 730 til 815.

Regelverket

I Moderniseringsdepartementet, som er ansvarleg for handheving av regelverket, får Bergens Tidende opplyst at ein ikkje kan krevje å få full diett med mindre det blir servert «mindreverdig» mat eller ingen mat i det heile.

Det er ikkje slik at ein har krav på diettsatsen uansett.

Tilsvarande gjeld for nattillegg, overnatting det ikkje blir kravd betaling for.

Det er ein føresetnad for eit slikt krav at innlosjeringa er «mindreverdig» slik at nattillegget framstår som ei form for kompensasjon, ifylgje Moderniseringsdepartementet.

Statsråd Lehmkuhl

Det inneber at Moderniseringsdepartementet også stiller seg uforståande til at Kristin Krohn Devold har kravd og fått utbetalt både nattillegg og full diett etter amerikanske satsar då ho i 2002 var gjest om bord på «Statsråd Lehmkuhl» under siglas i Karibia. Det utgjorde fire nattillegg på tilsaman 6200 kroner og fire kostdøgn på tilsaman 2960 kroner, i alt 9120 kroner.

I 2003 var statsråden også fire døgn om bord på «Statsraad Lehmkuhl» under siglas i Middelhavet. Her vart det berre kravd nattillegg — ikkje diett. Det utgjorde 3000 kroner.

Sjefen for Sjøkrigsskolen i Bergen, Tor Vestlie, seier «det er det dummaste spørsmålet han nokon gong har fått» når BT spør om maten om bord på «Statsraad Lehmkuhl» er «mindreverdig».

— Vi ynskjer ikkje å medverke til spekulasjonar rundt statsråden, men eg må kunne seie dette: Det er alltid førsteklasses mat om bord. «Statsaad Lehmkuhl» er ei flott skute. Forholda om bord er veldig bra, og statsråden har alltid fått den finaste lugaren og dei beste fasilitetane når ho har vore om bord, seier Vestlie.

Han var sjølv om bord under siglasen med statsråden i Middelhavet i 2003.

Fråskriv seg ansvar

Forsvarsdepartementet fråskriv seg eitkvart kontrollansvar for reiserekningane til den tidlegare statsråden. I eit svar frå departementet til Bergens Tidende heiter det:

«Reiseregningene behandles ut fra de opplysninger som er påført/vedlagt. Ved kontroll av reiseregningene før utbetaling må Forsvarsdepartementet forholde seg til de opplysningene som foreligger. Dersom den reisende ikke har påført trekk for eventuelle måltider, baserer FD seg på at slike ikke har vært dekket av andre. For at FD skal foreta trekk i kostgodtgjørelsen må det være opplyst for departementet hvordan måltidet er inntatt. Jeg viser for øvrig til tidligere svar på liknende konkrete spørsmål. Ut over dette ønsker vi ikke å kommentere detaljer i reiseregningene.»

Svaret er utforma av ekspedisjonssjef Elisabeth Bødtker Larsen, som er sjef for personell og fellestenester i FD.

Den same ekspedisjonssjen har underteikna og godkjend mange av Krohn Devold sine reiserekningar.