Frå juli til oktober 2004 var auken på 10.000 personar, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Etter ein periode med nedgang i sysselsetjinga frå våren 2002, snudde utviklinga sommaren 2003. Fram til oktober (tremånadersperioden september-november) 2004 har sysselsetjinga stege med i alt 25.000 personar.

Samanlikna med juli 2004 var auken på 10.000, noko som er innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sysselsetjinga ser framleis ut til å vere inne i ein aukande trend, og nærmar seg stadig rekordnivået frå våren 2002.