— Statoil går beint imot Stortinget sin vedtekne språkpolitikk, og også mot regjeringa sitt syn på korleis språket skal vere i norsk næringsliv, seier direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim.

Slik bt.no tidlegare har skrive, krev Statoil no at alle underleverandørane i Noreg skal gå over til å bruke engelsk i all skriftleg kontakt med selskapet. Grunngjevinga er at Statoil skal spare pengar.

Fleire verksemder reagerte på at det norskeigde selskapet ikkje vil bruke norsk språk med sine norske leverandørar. No har også språkrådet – med Sylfest Lomheim i spissen – engasjert seg i saka.

— Oppsiktsvekkjande

  • Eg tykkjer veldig lite om denne praksisen. Det ser ikkje ut som at Statoil har oppfatta at storting og regjering faktisk har vedteke ein politikk om språkbruk i næringslivet. Det er ikkje særleg tillitvekkjande at Statoil følgjer så lite med.

Lomheim viser til at næringslivet er eit samfunnsområde der norsk språk er under sterkt press som følgje av konkurranse frå engelsk. I fjor vedtok Stortinget ein ny språkpolitikk som slår fast at alle departement har eit ansvar for å fremje det norske språket.

Lomheim karakteriserer Statoil sitt krav til underleverandørane som «oppsiktsvekkjande».

— Viss det var ei privat verksemd kunne ikkje storting og regjering gjere anna enn å mislike praksisen, men Statoil er faktisk eit statleg selskap. Difor er det oppsiktsvekkjande at Statoil går beint imot vedteken språkpolitikk. Statoil er ein av dei sterkaste næringsaktørane vi har i Noreg, og dermed er det ikkje eit uvesentleg signal, seier Lomheim.

- Forventar revurdering

I eit brev til olje – og energidepartementet krev Språkrådet svar på fleire spørsmål, blant anna korleis departementet vurderer Statoil sin ambisjon om å auke bruken av engelsk.

— Eg forventar at olje- og energidepartementet ber Statoil om å revurdere saka, seier Lomheim.

Les heile utsegna frå Språkrådet her.

Statoils grunngjeving om å spare pengar, har Lomheim liten sans for.

— Statoil skyv kostnadene over på små bedrifter som ikkje treng auka kostnader. Det er næringslivspolitisk tvilsamt, seier språkdirektøren.

- Meir globalt

Statoil hadde ikkje høve til å kommentere saka i dag, men har tidlegare forklart den nye praksisen med at selskapet stadig blir meir globalt.

— Sidan verksemda vår i stor grad er innanfor oljebransjen er det naturleg at vi brukar engelsk i mange samanhengar, sa Lars Bjelvin, Vice President Communication, Projects and Procurement i Statoil til bt.no i april.

Kva tykkjer du om Statoil sitt krav til underleverandørane?