— Passasjerane hyler meir enn godset.

Slik forklarer Leif Arne Strømmen, leiar i Logistikkforeningen avdeling Vestlandet, at statistikken for godstog på Bergensbanen er enda verre enn for persontog. Godstoga må venta til alle passasjertog er komne i siget att, etter ein periode med stengt bane.

Han konstaterer at stadig fleire transportørar går attende til landevegen for å vera sikrare på at godset kjem fram til avtalt tid. Dette er ikkje godt nytt for klimaet og omfanget av trafikkulykker.

— Kvart fjerde godstog kjem for seint til Bergen, fortalde Strømmen då den nye sjefen for Jernbaneverket, Elisabeth Enger, var innom Bergen på si signingsferd på 4000 kilometer jernbaneskinner landet rundt.

Jernbanedirektør Enger (må ikkje forvekslast med konsernsjef Einar Enger i NSB AS) har etter ein månad i stolen konstatert at Bergensbanen har stor trong for fornying. Regulariteten på Gardermobanen, med ny infrastruktur, ligg tett oppunder 100 prosent, medan Bergensbanen heng langt etter. Fleire parti er 100 år gamle. Fornying krev pengar.

— Det overraska meg at Jernbaneverket sitt budsjett er om lag på storleik med kommunebudsjettet i Bærum, der eg var rådmann. Og det er berre ein brøkdel av Bergensbudsjettet, seier den ferske direktøren.

Ho bad bergenspolitikarane syta for at ikkje alle pengane blir brukte i Oslo.

Den triste statistikken hennar viser at problema på Bergensbanen handlar om langt meir enn snøskred og vinterstormar på høgfjellet. Verste veka til no i år, er veke 31, midt på sommaren, med skogbrann og kraftige regnskurar. I veke 31 var berre eitt av fem tog på Bergensbanen nokolunde i rute, ein regularitet på knappe 20 prosent.