I ei årrekkje har norske fiskarar fanga kolmule for rundt ein halv milliard kroner i året. Etter eit kraftig prishopp i år ligg fangstinntektene for dei kring 40 norske båtane med kolmulekvote an til å passere 800 millionar kroner.

Men resultatet for årets forskingsfiske etter den vesle torskefisken — eit viktig råstoff for fiskemjøl- og fiskeoljeindustrien - varslar om fare for eit kraftig kutt i fisket.

— Det vi ser så langt er ein nedgang i registreringa av kolmule samanlikna med tidlegare år. Vi ser ein monaleg nedgang, seier forskingsdirektør Ole Arve Misund ved Havforskningsinstituttet.

Over ti gode år

Kolmulefisket har vore uvanleg godt sidan 1995, og fangstane har vore langt større enn forskarane har trudd bestanden kunne tole.

I følgje havforskarane er grunnen at ein uvanleg høg del av kolmuleyngelen har overlevd fram til vaksen alder. Dei dårlege resultatet frå forskingstokta tyder på at overlevingsevna til kolmuleyngelen er i ferd med å vende attende til tilstanden frå før 1995.

Viser den endelege oppsummeringa av forskingstokta etter kolmule same resultat som de førebelse resultata, er det stor sjanse for at forskarane vil tilrå store kutt i kvotane for neste år.

— Viss ein held fram å fiske like hardt så kan bestanden få ein kraftig tilbakegang, seier Misund.

Kappfisket er slutt

Berre får månader etter Helga Pedersen (Ap) hausten 2005 tok over som fiskeriminister vart Noreg, Island, Færøyane og EU samde om ein avtale som regulerer fisket etter kolmule.

Det viktige med avtalen er at den gjorde slutt på kappfisket nasjonane mellom. Motivet for kappfiske var å opparbeide seg størst mogleg historiske rettar for å styrkje sin eigen posisjon i forhandlingane om fiskekvotar.

Kolmule er ein fisk som vandrar mellom fleire land sine økonomiske soner og også held seg i internasjonalt farvatn. Ein internasjonal avtale er difor naudsynt for å regulerer fisket.

I prinsippet var alle for eit kontrollert fiske, men før avtalen kom på plass vart det i praksis fiska langt meir enn det havforskarane tilrådde.