Dei seks svenskane, men den omstridde Jan Åke Kark i spissen, sit framleis i styret for Telenor. Dei blir først skifta ut når samferdsleminister Dag Jostein Fjærvoll får halde generalforsamling i Telenor. Det vil truleg skje i neste veke. Ifylgje Ulf Beckmann, som inntil i går kveld var pressetalsmann i Telia/Telenor, er den nye strategiske planen for Telia blitt utarbeidd den siste veka. Det betyr at svenskane heile den siste veka truleg var klar over kva utfallet av konflikten ville bli. Beckman opplyser til Bergens Tidende at selskapet ikkje gjev opplysningar om innhaldet i den nye strategiplanen. Det blir sagt at strategiplanen er provisorisk. Konsernsjef Tormod Hermansen i Newtel (Telia/Telenor) seier til Bergens Tidende at han ikkje har hatt kjennskap til arbeidet med strategiplanen for Telia. – Det har openberrt skjedd ein god del arbeid som eg ikkje har vore kjent med. Det er litt paradoksalt dette, seier Hermansen. Det nye styret i Telia er identisk med dei seks svenske styremedlemene som framleis sit i styret for Newtel (eller Telia/Telenor) og i styret for Telenor. Arnfinn Hofstad, som i mange år har vore styreleiar i Telenor, ser ikkje bort frå at det kan bli utskiftingar mellom dei fire norske aksjonærvalde styremedlemene. Med seg i styret har han mellom andre Eivind Reiten, kjend mellom anna som tidlegare statsråd i to departement.