• FOTO: ØRJAN DEISZ

Svensk stopp i Åsane og på Stord

Etter å ha tapt 2,6 milliardar kroner på tre år, sel Ica Maxi-butikkane sine i Åsane og på Stord og i resten av landet.

Kjøpar er det nyoppretta eigedomsselskapet Lagopus – med Norgesgruppen og investor Bjørn Rune Gjelsten i spissen. Halvparten av dei i alt 22 overtekne stormarknadsbutikkane blir til Meny-forretningar under Norgesgruppen, resten kan bli Skeidar- eller Elkjøp-utsal – eller utleigd til Norgesgruppen-konkurrentar som Coop og Rema 1000.

Bergen og Stord

På Vestlandet har Ica Maxi butikkar i Åsane i Bergen, på Heiane på Stord, i Haugesund og Sandnes. Det er enno ikkje teke stilling til kva som kjem i staden for dei enkelte Maxi-butikkane, opplyser prosjektleiar André Jaeger i Lagopus. Det vil skje før sommarferien, med overtaking etter ferien.

Ifølgje Lagopus er lokala for store for den norske daglegvaremarknaden. Selskapet har derfor gjort intensjonsavtalar med aktørar innan treningssenter, blomar, apotek, møblar og interiør i tillegg til med blant andre Meny, Sparkjøp, Elkjøp og Jula.

Ica Norge - eigd av det svenske Ica-konsernet - avviklar Ica Maxi etter at stormarknadskjeda har påført selskapet store tap. I alt har Ica Norge AS tapt 2,8 milliardar kroner sidan 2008, ifølgje Aftenposten. Ica Norge vil halda fram med sine norske Rimi-, Ica Nær- og Ica Supermarked-butikkar. Ica Maxi representerer i alt 92.000 kvadratmeter butikklokale, og eit årleg besøk av 12 millionar kundar.

1100 tilsette

Transaksjonen inneber at Lagopus Eiendomsutvikling AS overtek åtte sjølveigde Ica Maxi-butikkar og 14 leigeavtalar frå Ica Norge, som også var i kontakt med Coop Norge med sikte på sal. Lagopus opplyser i ei pressemelding at det er ein ambisjon om at alle 1100 medarbeidarar i Ica Maxi skal få tilbod om ny jobb, og at minst to tredeler av dei får jobbtilbod i Norgesgruppen sine forretningar og andre kjeder tilknytt Lagopus-grupperinga.

Lagopus er eigd av Norgesgruppen Eiendomskapital AS (35 prosent), Profiér Eiendom AS (25 prosent), Solist AS (25 prosent) og Guardian Capital AS (15 prosent). 80 prosent av Profiér er eigd av Bjørn Rune Gjelsten-selskapet Fabritius Invest AS.

Siste fra Innenriks