Dette er av dei alvorlege forhold som blir avdekte i ein ny granskingsrapport frå Riksrevisjonen. Riksrevisjonen er Stortinget sitt viktigaste kontrollorgan.

Dette gjeld innkjøp av luftvarslingsradar om bord på kystvaktfartøya. Utstyret skulle nyttast mellom anna for å kunne operere helikopter i mørke og dårleg sikt. Investeringa vart 600 millionar kroner dyrare enn planlagd.

«Feilinvestering»

Riksrevisjonen stemplar prosjektet som ei «feilinvestering» som har resultert i at berre eitt av dei fire fartøya kan operere med helikopter under mørke og dårleg sikt.

Sjøforsvarets forsyningskommando, som skulle levere utstyret, har vedgått at ein hadde manglande oversikt over dei flyoperative og tryggingsmessige behova som helikopteroperasjonar til havs krev.

— Konsekvensane har vore at kystvakta har hatt redusert evne til å operere i samsvar med føresetnadene. Det kan innebere svekt suverenitetshandheving og ressurskontroll og redusert deltaking i miljø- og redningsoppdrag som kystvakta har i oppgåve å utføre, seier ekspedisjonssjef Eirik Larsen Kvakkestad i Riksrevisjonen.

Riksrevisjonen har nå granska 19 materiellinvesteringsprosjekt i Forsvaret med samla investeringar på 18 milliardar kroner.

Kostnadssprekk

Rapporten, som vart overlevert til Stortinget i går, avslører store feil og manglar når det gjeld tidsplan for levering, kostnadsoverskridingar og kvalitet.

Heile sju av prosjekta var ikkje ferdig levert meir enn fire år etter at leveransane skulle vore avslutta.

Oppdatering av overvakingsflyet Orion viser ein kostnadsauke på heile 81 prosent i høve til opphavleg prisoverslag. Innkjøp av brukte pansra spesialkøyretøy viser ein kostnadsauke på 76 prosent. Oppdatering av kystvaktfartøya i Nordkapp-klassen viser ein kostnadsvekst på 70 prosent. Prosjektet nytt kystvaktfartøy har ein kostnadsvekst på 56 prosent.

Forsvarsminister Kristin Krohn Devold har avvist overfor Riksrevisjonen at Forsvaret har ein svakare operativ teneste enn planlagt som fylgje av mangelfull styring med somme av materiellinvesteringsprosjekta.

Riksrevisjonen har ikkje late seg overtyde av statsråden sitt standpunkt og står fast på vurderingane sine.

Fylgjer ikkje eigne reglar

Undersøkinga viser at problem med leverandørane i fleire tilfelle er årsak til at måla ikkje er nådd ved innkjøp av materiell.

Undersøkinga til Riksrevisjonen avdekkjer at manglande kompetanse, bemanning og kontinuitet i prosjektorganisasjonane er årsak til at måla ikkje blir nådd. Det har vore hyppige utskiftingar av sentralt personell på overordna nivå. Det gjeld personar som har hatt avgjerdsmynde og viktige oppfylgingsoppgåver i materiellinvesteringsprosjekta.

Men Riksrevisjonen har ikkje undersøkt eller vurdert kvifor det er slik.

Ei undersøking i prosjektorganisasjonane avdekkjer at uklare styringssignal frå overordna nivå, manglar ved avgjerdsprosessen og manglande kontinuitet blir framheva som dei viktigaste forklaringane på at måla ikkje blir nådd.