I løpet av året kan Petroleumsfondet fylgje etter. Bakgrunnen er innføring av etiske retningsliner for investeringar i verdipapir. Selskap som gjer seg skuldig i brot på FN-konvensjonar, menneskerettar, miljø og uverdige arbeidsforhold, vil heretter bli utestengd frå investeringar frå Kommunal Landspensjonskasse (KLP).

— Det er fullt mogeleg å lage slike retningsliner. Har ein viljen, har ein også evna. Det må også gjelde for det statlege Petroleumsfondet, seier kommunikasjonsdirektør Ole Jacob Frich i KLP til Bergens Tidende.

Petroleumsfondet får reglar

Eit offentleg utval leia av jussprofessor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo skal innan 1. juni legge fram ei utgreiing om etiske retningsliner for det statlege Petroleumsfondet. Arbeidet er sett i verk etter pålegg frå Stortinget frå juni i fjor. Tidlegare har krav om slike retningsliner vore avvist med grunngjevinga at det er umogeleg å lage retningsliner som let seg praktisere.

Men eit slikt synspunkt avviser Graver overfor Bergens Tidende:

— Det er ikkje umogeleg. Hadde eg meint det, hadde eg ikkje teke på meg dette arbeidet. Vi vil kome med framlegg som vil ivareta dei omsyna ein ønskjer og som let seg praktisere, seier Graver.

Barnearbeid

— Vi vurderer alltid alle selskap før vi investerer. Det har vi alltid gjort. Det nye nå, er at vi vil vurdere fleire kriterium, inkludert forhold til menneskerettar, arbeidsvilkår og om dei nyttar barnearbeid. Fell selskapet igjennom ut frå slike kriterium, vil det bli utestengd frå investeringslistene våre, seier Frich. Han seier at det største problemet gjeld investeringar i internasjonale fond der ein manglar oversyn over kva selskap fonda plasserer midlane i.

KLP har innleidd samarbeid med Caring Company, som har spesialisert seg på å analysere korleis selskapa opptrer i forhold til samfunnsansvaret sitt.

KLP er med 113 milliardar i forvaltning det største livselskapet i landet. 75 milliardar er plassert i verdipapir.

Gigant

Dette blir for lite å rekne i forhold til Petroleumsfondet som nå forvaltar rundt 600 milliardar kroner. Nettopp storleiken på Petroleumsfondet er ein av dei store utfordringane når Graver-utvalet skal forme ut retningsliner for dette fondet.

— Petroleumsfondet er ein av dei aller største institusjonelle investorane i verda. Om utviklinga går som fondet reknar med, kan det om få år vere største investoren i sitt slag i verda, seier Graver. Han seier det kan bli meir krevjande å utelukke spesielle bransjar ut frå etiske omsyn når fondet blir så stort.

Staten

— Den andre store utfordringa er at dette er staten. Det stiller spesielle krav til saksbehandling. Vi har demokratiaspektet – dette er våre pengar. Det er kravet om innsyn. Staten er også underlagt ein del forvaltningsrettslege reglar. Vi har forholdet til EØS-avtalen og til WTO om frie kapitalrørsler og ikkje-diskriminering.

— På toppen kjem vurderingar av korleis slike investeringar blir oppfatta i forhold til kva staten elles gjer, seier Graver.