Surlien (61) var miljøvernminister for Sp i Kåre Willoch si regjering 1983-86. I dag er Surlien lagdommar ved Borgarting lagmannsrett. Ho har tidlegare mellom anna vore departementsråd og øvste embetsmann i Justisdepartementet.

Utanom Surlien og Sefland (56) har Torolv Groseth (56), Karl-Henrik Sjursen (59) og Jørn Simonsen (41) søkt stillinga.

Sefland var politimeister i Kristiansund før han fekk jobben som overvakingssjef. I dag står han til disposisjon som politimeister for Politidirektoratet og arbeider for tida med ei stortingsmelding om politirolla.

Sjursen er i dag politimeister i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Groseth er i dag lagmann ved Eidsivating lagmannsrett på Hamar. Han har tidlegare vore statssekretær for Ap i Justisdepartementet og statsadvokat.

Den siste søkaren er inspektør i Statens vegvesen.

Det kom i utgangspunktet sju søknader. Men to av søkarane trekte seg etter at Justisdepartementet i går ettermiddag konkluderte med at det ikkje var grunnlag for å unnta søkarar frå ei offentleg søkarliste til ei så viktig stilling.

Dette skjedde etter pågang frå Bergens Tidende som bad om ei grundig forklaring på grunnlaget for å hemmeleghalde søkarar.