Det norske kronargumentet for den omstridde Regatta-vesten er at han er utstyrt med ermar og hette, noko som skal isolere svært godt. Dermed skal overlevingssjansane auke dramatisk i kaldt vatn. Ein test BT har fått gjort viser at dette er ei sanning med modifikasjonar.

Sintef i Trondheim har på oppdrag frå BT undersøkt dei isolerande eigenskapane til ein heilt ordinær redningsvest av den gamle typen — vestar som måtte skiftast ut etter Sleipner-ulykka.

To av seks varme nok

Testen ved Sintef vart gjort nøyaktig etter retningslinjene til FNs skipsfartsorganisasjon IMO, med ei testgruppe på seks personar. Dei seks vart iført vanlege klede og ein ordinær redningsvest av typen Seamaster 83, og lagt i eit basseng som heldt ein temperatur på 10 grader celcius.

To av dei seks vart ikkje kaldare enn at vesten kunne vorte godkjent som isolerande: Dei fekk eit temperaturfall på mindre 2 grader celcius i løpet av testperioden på to timar, som er maksgrensa. Tredjemann avbraut forsøket fordi det vart for ubehageleg å liggje i det kalde vatnet, utan at kroppstemperaturen kom under minstegrensa.

- Ikkje så stor forskjell

Nummer fire og fem nådde maksgrensa på 2 graders temperaturtap etter 80 minutt, 20 minutt for tidleg til å få godkjent, medan sistemann fekk eit for raskt temperaturfall til å kunne halde fram.

Med fire av seks stryk kvalifiserer ikkje vesten til stempelet «isolerande».

Bergens Tidende har også innhenta testrapporten frå Sintef som førte til at Regatta-vesten vart godkjent som isolerande. Resultata viser at vesten berre med naud og neppe oppfylte krava. Av ni testpersonar fekk to eit temperaturfall på 1,9 grader celcius ý berre 0,1 grad unna stryk. Ein tredje av dei seks var 0,2 grader celcius unna å stryke. Tre testpersonar vart så kalde at dei ikkje makta å fullføre testen. Med seks testpersonar innan temperaturgrensa kan vesten smykke seg med tittelen «termisk vest».

— Resultata viser at det er ikkje så forferdeleg stor forskjell mellom ein gammal, ordinær vest og den nye typen frå Regatta. Regatta-vesten er betre, men ikkje så veldig mykje betre, seier Arvid Påsche, tidlegare Sintef-forskar og landets fremste ekspert på redningsmiddel.

Helly-Hansen-drakt suveren

Ei alternativ løysing som i dag er tillatt på norske skip stiller i ein heilt anna klasse når det gjeld isolasjon. Dette er ei heildekkande passasjerdrakt som held brukaren nesten heilt tørr, og er innkjøpt blant anna av Fjord Line. Drakta er utvikla av Helly-Hansen, og blir kombinert med ein heilt vanleg redningsvest for å sikre oppdrifta.

— Med denne drakta blir overlevingstida i vatnet mangedobla, seier Arvid Påsche.

Testar av passasjerdrakta i fem graders vatn ý fem grader kaldare enn det Regatta-vesten er prøvd i ý viser at seks personar kunne liggje i tre timar utan å misse meir enn mellom 0,8 og 1,5 grader i kroppstemperatur.

Slakka på krava

Sjøfartsdirektoratet har heile tida vore fullt klar over den store forskjellen. Etter Sleipner-ulykka prøvde Noreg å få innført eit internasjonalt krav om nettopp slike drakter i kalde farvatn, gjennom eit forslag i FNs skipsfartsorgasnisasjon IMO.

Framlegget vart nedstemt, og Noreg valde difor å innføre nasjonale særkrav. Men i staden for å halde fast ved den løysinga dei hadde argumentert hardt for internasjonalt, valde Sjøfartsdirektoratet å slakke på krava og i staden innføre krav som opna for den rimelegare og enklare Regatta-vesten.