VIDAR YSTAD

Oslo

Det eine forholdet gjeld funnet av eit brev som Tønne skreiv vinteren 2002 til sønene. Her fekk dei beskjed om å kontakte Røkke om dei fekk økonomiske problem, om Tønne og kona fall frå.

Økokrim fann dette brevet på ein pc som tilhøyrde Tore Tønne.

Overtala av Røkke

Det andre forholdet var ein opplysning om at Tønne vinteren 2002 var innstilt på å byrje i rådgjevingsfirmaet Innovation. Når han likevel ikkje byrja der, var grunnen at Røkke overtala han til å la det vere.

Familien til Tønne er ikkje er særleg glad for fjernsynsdokumentaren. Det har representantar for familien gjeve uttrykk for til fleire medium.

Tønne var på dette tidspunktet utan fast jobb og hadde ei gjeld på innpå 5,5 millionar kroner. Han makta ikkje gjeldspliktene sine overfor banken. At han så seg nøydd til å be Røkke om hjelp, og fekk låne tre millionar kroner av Røkke, er kjent frå før.

BA-HR i søkjelyset

Mange har stilt spørsmål ved at eit advokatfirma kunne hevde at det ikkje oppsto bindingar mellom Røkke og Tønne, og at dette kunne ha konsekvensar for habiliteten til Tønne i Kværner-styret.

Advokatfirmaet BA-HR, som i mange år har vore Røkke sin «hoff-advokat» meinte nemleg at dette var uproblematisk. BA-HR gjorde likevel sitt yttarste for å løyne at Tønne hadde hatt betalte oppdrag for Røkke. Det sa BA-HR sjølv då dei skulle forklare ein kamuflerte utbetalinga gjennom urett påskrift på fakturadokumenta.

Det var dette forholdet som leidde til at BA-HR-advokaten Øyvind Eriksen var sett under straffeforfylging av Økokrim for å ha uforma misvisande reknskapsdokument, under særleg skjerpande forhold.

Nyleg har det kome fram opplysningar om at det har vore intern strid i BA-HR etter at advokat Øyvind Eriksen let vere å godta bota på 50.000 kroner han vart pålagd av Økokrim. I staden må han svare for ein meir omfattande tiltale når han i august må møte som tiltala i Oslo tingrett.

Nytt utspel

I den saka vil Økokrim presentere dokumentbevis som hittil ikkje er blitt kjent. Det er pårekneleg at saka vil bli ein større belastning for BA-HR enn det mange av partnarane i firmaet set pris på.

Det er i dette lyset ein må sjå initiativet frå Eriksen sin forsvarar for å få Riksadvokaten til å trekkje tiltalen mot Eriksen. Han og BA-HR ønskjer nemleg ikkje det kritiske søkjelyset mot seg som ei full utbretting i retten vil innebere.