I går sendte kontroll— og konstitusjonskomiteen på Stortinget brev til forsvarsministeren med krav om ei utgreiing på behandlinga av Rosèn.

I brevet blir det vist til at Rosén måtte underteikne ein avtale som tok frå han jobben etter at han hadde slege alarm om manglande legedekning for dei norske styrkane i Afghanistan. Mellom anna sa han at han ikkje ha ville sendt sin eigen son til Afghanistan slik den medisinske situasjonen var.

Vik tilbake

Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen hevda sterkt at dette er ei sak som sorterer under forsvarssjefen då ho møtte pressa i går. Ho seier at ho ikkje har hatt kjennskap til avtalen.

Ho ville ikkje svare på om ho meiner utsegnene frå Rosèn i vår om legesituasjonen i Afghanistan var problematisk eller uproblematisk.

Ho påpeika at Rosèn som andre høgt plasserte offiserar er underlagt streng teieplikt. Ho ville ikkje svare på kvifor det då var naudsynt å påleggje han ekstra teieplikt i ein eigen avtale.

Sjølv om ho viser til forsvarssjefen, vedgår statsråden at det i siste instans er hennar ansvar kva som skjer i Forsvaret.

Forsvaret fann tysdag grunn til å rettferdiggjere seg ved å fastslå at det var Rosèn sitt ansvar å skaffe tilstrekkeleg legedekning.

– Veldig alvorleg

Generalmajor Rosèn er blitt tvinga til å underteikne ein avtale som pålegg han utvida teieplikt.

Den set forbod for Rosèn mot å uttale seg om alle forhold som gjeld Forsvaret og avtalen han har vore nøydd til å skrive under. Avtalen er utan tidsavgrensing.

– Dette er ei veldig alvorleg sak. Prinsipielt er det ille å innføre ekstra munnkorg. Vi har vore opptekne av å sikre at varsling om kritikkverdige forhold kan skje. Utan det vil heller ikkje vi som kontrollorgan kunne gjere jobben vår, seier visepresidenten på Stortinget, Carl I. Hagen (Frp), til Bergens Tidende. Han er medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Han reknar med at det nå blir opna sak og at det blir opne høyringar om saka.

– Knebling

Høgre-leiar Erna Solberg er uroa over at Rosèn er blitt pålagd utvida teieplikt.

– Dette kan oppfattast som knebling. Det offentlege må vere yttarst tilbakehalden med å påleggje nokon teieplikt ut over det som normalt følgjer med stilling og regelverk, seier Solberg.

– Vi må nå stille spørsmål og vente på kva statsråden svarar. Dersom ho ror seg i land med å seie at teieplikta for Rosèn ikkje er utvida, så blir det knapt noka sak. Det betyr i så fall at statsråden må fastslå at avtalen Rosèn har underteikna, ikkje er gyldig, seier Solberg.

Holm, Morten