Opposisjonspartia går samla imot framlegget som er tungt seljeleg i distriksnoreg der både dei eksisterande kraftverka og dei potensielle nye er å finne. Berre ved å kommandere regjeringspartia sine representantar på plass blir det fleirtal for endringa.

Innstillinga frå finanskomiteen blir lagt fram i dag.

Ei pine

Saka er blitt ei pine for regjeringspartia etter at Senterpartiet gjekk ope ut mot skatteskjerpingsframlegget som kom i statsbudsjettet.

Sp tok kampen opp mot framlegget, som gjekk ut på å senke innslagspunktet for grunnrenteskatten på vasskraftverk frå 5500 KVA til 1500 KVA.

Skatteendringa vil gjere det mindre lønsamt å byggje ut småkraftverk og å oppgradere eksisterande kraftverk.

«Det er med en viss undring jeg studerer forslagene som regjeringen har lagt fram» sa leiaren i næringskomiteen Ola Borten Moe (Sp) til Nationen 23. oktober.

Tre dagar før hadde landsstyret i partiet vedteke krav om å vurdere skatteskjerpinga på nytt.

Ingen «premie» til Sp

Trass i dette — eller kanskje nettopp difor - vart det uråd for regjeringspartnarane å endre på framlegget frå regjeringa.

Det ville kunne bli oppfatta som ei «premiering» til Senterpartiet for å gå ut mot regjeringa.

Men langt inn i Ap er det sterk misnøye med framlegget, som er utarbeidd av Finansdepartementet under SV-leiar Kristin Halvorsen.

Regjeringspartia har nå, som eit kompromiss i samforstand med regjeringa og finansministeren, kome til at regjeringa skal kome med ei vurdering av ulike verkemiddel som kan stimulere til utbygging av fornybar energi.

Regjeringspartia har også vore inne på å få ei vurdering av ordninga alt i revidert budsjett i mai 2008.

Stortingsrepresentant Rolf Terje Klungland (Ap) mislikar framlegget frå regjeringa:

— Dette er eit kompromissframlegg. Di før det kjem ei vurdering av potensielle alternativ, di betre er det, seier Klungland.

- Eit kompromiss

Talsmenn for opposisjonen trur at det var uråd for finansministeren og statsministeren å gje Senterpartiet ein vinst i denne saka. Det kjem ikkje berre av at Sp har gått imot regjeringa. Ein trur også at dette er ei sak regjeringa vil ha i ermet for å kunne nytte og «gje» som lekk i forhandlingane om eit forlik om klimameldinga.

Høgre, KrF og Venstre har nemleg fremja kravet om å oppretthalde dagens skatteregime når det gjeld bygging av småkraftverk, også i desse forhandlingane.

Siktemålet er nå å avslutte forhandlingane om ei klimaforlik før jul.