VIDAR YSTAD

BaneTele har i første omgang betalt rekninga frå konsulentfirmaet PriceWaterhouseCoopers. Men selskapet meiner rekninga er selskapet uvedkomande og har difor sendt rekninga vidare til Næringsdepartementet som i dag sit på alle aksjane i selskapet.

Sende rekninga vidare

Næringsdepartementet vurderer på si side å sende rekninga vidare til Jernbaneverket, som tidlegare åtte BaneTele, eller til Samferdsledepartementet. Jernbaneverket sorterer nemleg under Samferdsledepartementet.

Saka med BaneTele og Trygve Tamburstuen har mange ingrediensar. Tamburstuen vart hausten 2002 fjerna som direktør i det statseigde selskapet etter at det var retta sterkt lys mot fleire av disposisjonane hans. Mellom anna måtte han tilbakebetale (ved motrekning) over 80.000 kroner for å ha late BaneTele betale for tre gjester under OL i Salt Lake City vinteren 2002. Saman med Tamburstuen fekk også styret i selskapet reisepass.

«Takk for sist»

Dette skjedde etter avgjerd frå administrerande direktør Steinar Killi i Jernbaneverket. Han var igjen pressa av samferdsleminister Torill Skogsholm (V).

Det nye styret i BaneTele melde i fjor Tamburstuen til Økokrim.

Men Tamburstuen har vore ute ei uværsnatt før. Han har bakgrunn mellom anna som statssekretær for Ap. Han tok sitt mon igjen ved å gå til Kontrollkomiteen på Stortinget og be den granske statsråd Skogsholm sine disposisjonar. Kontrollkomiteen bad i neste omgang Riksrevisjonen, som er Stortinget sitt kontrollorgan, granske sider ved saka.

I januar i år kom Riksrevisjonen med ein rapport som var sterkt kritisk mot Samferdsledepartementet. Kritikken gjekk særleg på passivitet og sein saksbehandling. Riksrevisjonen arbeider vidare med saka.

Tamburstuen kravde då at statsråd Torill Skogsholm måtte gå.

Økokrim

I november i fjor la Økokrim vekk den eine delen av saka mot Tamburstuen. Den galdt økonomisk utruskap mot BaneTele. Etterforskinga gjekk vidare om kvitvasking av pengar. Den saka er ennå ikkje avgjort.

Næringsdepartementet har «hemmelegstempla» heile granskingsrapporten med grunngjevinga at den inneheld sensitive forretningsløyndomar.

Næringsdepartementet vil heller ikkje gje innsyn i eit dokument der departementet oppmoda styret i BaneTele om å vurdere erstatningskrav mot Tamburstuen.

Styret i BaneTele har nyleg konkludert med at det ikkje vil krevje erstatning frå Tamburstuen. Ein ønskjer heller å sjå framover. Men styret har vedteke å krevje tilbake drygt 80.000 kroner frå Tamburstuen i form av motrekning.

BaneTele er eit selskap som er stifta på ideen om å utnytte kapasiteten i dei fiberoptiske kablane som fylgjer jernbaneskinnene kommersielt i telekommunikasjon.