VIDAR YSTAD

Dette kom til uttrykk då Stortinget i går behandla våpeneksporten for 2003. For tredje gong på to veker vart utlån av krigsutstyr frå Noreg til USA til krigen i Irak, eit heitt tema.

Ikkje på line

«Regjeringskameratane» Ap, SV og Sp er ikkje på line i spørsmålet om utlån av militærutstyr til allierte. Men det er også sprik mellom partane i dagens regjeringskoalisjon.

Saka om utlån av laserutstyr til hjelp for at amerikanarane skulle treffe måla under krigen mot Irak, var bakteppet for debatten. Stortinget debatterte også eit framlegg om å skjerpe kontrollen med våpeneksporten.

Ap-representanten Marit Nybakk, som leier Forsvarskomiteen, gav i debatten uttrykk for at å skulle sei nei til USA i ein slik situasjon, ville vere jamgodt med utmelding av Nato.

Det er på line med kva statsminister Kjell Magne Bondevik hevda i spørjetimen for 14 dagar sidan.

«Plikt» eller «skjøn»

Bondevik sin partifelle, Lars Rise, gav i går uttrykk for at Noreg plikta å levere utstyr til USA når USA bad om det.

Han ville ikkje vere med på Noreg måtte ha rett til å vurdere sjølv om ein skulle levere våpen til ein alliert som er involvert i ein folkerettsstridig krig.

Utanriksminister Jan Petersen opna derimot for at Noreg kan utøve skjøn i ein slik situasjon. Han la til at det likevel kan ha konsekvensar om ein seier nei. Det ville bety ei omlegging av politikken og innebere at ein gjekk inn på «sluttbrukarspørsmålet» — klarlegge kva våpna skulle nyttast til.

Meir kontroll

I debatten gav alle partia uttrykk for ønskje om at kontroll og innsyn når det gjeld våpeneksporten skal vere «best mogeleg». Men partia er sterkt usamde om kva reelt innhald dette innsynet og kontrollen skal ha.

Ap, SV og Sp stod saman om eit framlegg om å be regjeringa greie ut om det bør opprettast eit politisk samansett rådgjevande utval som kan føre kontroll med våpeneksporten.

Dei parlamentariske leiarane for KrF og H, Jon Lilletun og Oddvard Nilsen, hadde løpande kontakt under debatten. Det var openbert at mykje stod på spel for regjeringspartia. Og Lilletun hadde ordet fleire gongar i debatten.

Då det kom til votering, vart framlegget omgjort til eit reint oversendingsframlegg til Regjeringa. Det skjedde i otte for at framlegget ville bli røysta ned.

Konsekvensen av dette er at det er opp til regjeringa sjølv om ho vil greie ut spørsmålet.

— Denne saka kjem til å skape mange reaksjonar utanfor Stortinget. Eg er heilt viss på at dersom det hadde vore kjent i Noreg at Regjeringa kjende seg forplikta til å levere våpen til USA då USA gjekk til krig mot Irak, ville det vekt sterke reaksjonar i opinionen, seier SV-leiar Kristin Halvorsen til Bergens Tidende.