Indre Nordhordland Dampbåtlag sin MS «Bruvik» er av Sjøfartsdirektoratet pålagt å skifta ut sine vestar snarast råd. Også veteranbåtane er underlagt kravet om såkalla termovestar på alle norske passasjerskip.

Direktoratets distriktssjef i Bergen, Magne Rødland opplyser at to av charterbåtane i Bergen har fått pålegg om vestutskifting. Dersom direktoratet med det første får sjå at bestillingane av nye vestar er effektuerte, slepp båtane unna seglingsforbod.

Carl Gunnar Nesheim, primus motor for gamle «Bruvik», seier at han er i full gang med å henta inn tilbod på 325 nye vestar. Det påfører selskapet ei tung ekstrautgift på mellom 100.000 og 200.000 kroner.

— Vi skal sjølvsagt etterkoma kravet. Så spørst det om det kjem krav om andre vesttypar når godkjenninga av dagens termovestar går ut innan fem år. I så fall vil vi få nye kostnader som eit selskap som vårt vanskeleg kan makta, seier Nesheim til Bergens Tidende.

Internasjonalt er det enno ikkje innført krav om passasjervestar med såkalla termisk vern, det vil seia vestar som dekkjer hovudet og det meste av overkroppen.