Akademikerne er veslebroren i den norske fagrørsla, og langt mindre enn LO, YS og Unio.

Dei organiserer akademikarar med over fem års utdanning, som legar, juristar, statsvitarar og sivilingeniørar.

Mange av desse jobbar i offentleg sektor, og dei er langt meir villige til å streike enn tidlegare, ifølgje leiar Knut Aarbakke i Akademikerne stat.

Ei undersøking Norsk Respons har gjort på oppdrag av Akademikerne, viser at 73 prosent av medlemmene som jobbar i offentleg sektor på Vestlandet er villig til å streike for å få gjennom lønskrav.

I landet som heilskap er talet 71 prosent, mot berre 56 prosent i privat sektor. Ifølgje Aarbakke er streikeviljen dobla på få år.

— Dette er eit signal til oss om at medlemmene ønskjer endringar, seier Aarbakke.

I dag møter han tillitsvalde frå heile Vestlandet, som er samla i Bergen. Då vil venteleg lønn stå høgt på dagsorden.

Statistikken viser at langtidsutdanna i offentleg sektor har tapt i lønskampen dei siste 20-30 åra. I 2004 tente statstilsette akademikarar i snitt 140.000 kroner mindre i året enn funksjonærane i privat industri. For berre sju år sidan, i 1997 var avstanden «berre» 80.000.

— Det har vore veldig mykje fokus på låglønsgrupper i lønsoppgjera, og det er noko våre medlemmer betalar for. Det er ikkje noko gale med lågtlønnstillegg, men det er ikkje rett at våre medlemmer skal betale, seier Aarbakke.

Problemet hans er at dei tre andre hovudsamanslutningane, LO, YS og Unio organiserer langt fleire - og langt fleire lågtlønna. I det selskapet veg ikkje Aarbakke og hans medlemmer tungt.

Eit anna problem er at ingen blir redde når statstilsette byråkratar trugar med streik.

— Det er for så vidt rett. Eg trur det er ei oppfatning at ein streik berre gjer at staten sparar pengar, saksbunkane veks og så må dei ta igjen arbeidet etterpå. Men i fjor haust etablerte vi eit konflikt- og aksjonsberedskapsutval, som har funne fram til ganske gode metodar som òg vil råke arbeidsgjevaren økonomisk. Men dei vil vi ikkje offentleggjere no, seier Aarbakke med eit lurt smil.

Han vonar lønsoppgjeret til våren blir eit linjeskifte for dei langtidsutdanna i offentleg sektor, der dei får eit større stykke av lønnskaka.

DEN LANGE LØNNSKAMPEN:- Langtidsutdanna i offentlegsektor er lei av lågtlønsoppgjer,seier leiar Knut Aarbakke i Akademikerne stat. FOTO: HANS K. MJELVA