OVE ARNE OLDERKJÆR og NTB Stavanger/Stord

— Vi er vitne til ein enorm depresjon som breier seg. Dette kan vi ikkje sitja tilbakelent og sjå på. Politikarane må vakna, vi i industrien føler at vi står med ryggen mot veggen, seier leiar Jarle Helland i Verkstadklubben Aker Stord til Bergens Tidende.

Klubbleiinga på Stord drog til Stavanger for å delta i hovudmarkeringa, medan Aker Stord og Leirvik MT stod stille i tre timar. Med raude faner og sinte parolar markerte industriarbeidarane i Stavanger at oljeindustrien ikkje er mogen for museet. Markeringa fann stad utanfor Oljemuséet, der 2000 møtte fram.

Applaus til Valla

— Dette viser at arbeidarane ikkje er pessimistar. Det viser engasjement. Folk er medvitne på at noko må gjerast, sa LO-leiar Gerd-Liv Valla, til stor applaus i Stavanger.

— Vis sinne, vis utolmod og krev handling, sa Valla.

Fagorganiserte på tvers av organisasjonar i olje- og gassindustrien på land og offshore meiner det er regjeringa si manglande handlekraft som er årsak til at norske industriarbeidsplassar blir lagde ned eller flagga ut. På plattformene var det markeringar i kinosalar og kantiner.

Gerd-Liv Valla sa at politisk streik er det sterkaste verkemiddelet arbeidarar kan ta i bruk, og at det i dette høvet er på sin plass.

Refsar Gabrielsen

Næringsminister Ansgar Gabrielsen (H) uttalte i eit innlegg i Dagens Næringsliv i går at det er eit tankekors at fagorganiserte streikar imot - og ikkje for - regjeringa sin industripolitikk. Dette opprører klubbformann Jarle Helland på Aker Stord.

— Fyren kan ikkje ha forstått ein millimeter av kva det dreier seg om. Det er grenser for kor frekk ein kan vera, seier Helland.

— Det er rett at regjeringa har forstått at noko må gjerast for å dempa veksten i renter og kroneverdi. Men vi er sterkt ueinige i verkemidla. Regjeringa nyttar auka arbeidsløyse som verkemiddel, dette er ein medviten politikk for å byggja ned kapasiteten i industrien vår, seier Jarle Helland.

SINTE ARBEIDARAR: LO-leiar Gerd-Liv Valla tala til 2000 sinte industriarbeidare i Stavanger i går, under den politiske streiken. Med raude faner og sinte parolar markerte arbeidarane at oljeindustrien ikkje er mogen for museet.

FOTO: ALF OVE HANSEN, SCANPIX