Når styresmaktene i år har auka det nasjonale utjamningstilskotet til i alt 40 millionar kroner, kjem det straumabonnentar i blant anna Jondal, Fitjar, Fusa, Modalen, Suldal, på Tysnes og Halsnøy til gode.

Best ut kjem abonnentane til Tysnes Kraftlag som får eit direkte prisavslag på nettleiga tilsvarande 8,5 øre pr kWh eller rundt 1700 kroner i snitt pr. husstand.

Prosjektet «Tilskot til utjevning av overføringstariffer» er kome i stand etter at det gamle systemet for prisutjamning av nettleiga blei avvikla i 1999. Det systemet hadde tilskot til investeringar i leidningsnettet som berande element.

Den nye tilskotsordninga skal redusera nettleiga i område av landet med høg nettleige som skuldast naturgitte forhold, nærings— og busetnadsstruktur.

— I det nye systemet går tilskotet direkte og uavkorta til nettkundane, og me krev ingenting for å handtera ordninga, seier dagleg leiar Steinar Austefjord i Tysnes Kraftlag.

— Dessutan gjer ordninga at me kjem ned på eit prisnivå som konkurrentar i meir tettbygde stròk rundt oss, har, seier Austefjord, som har delteke i prosjektgruppa bak utjamningsordninga.

Abonnentar på Vestlandet som får del i utjamningsordninga i 2004, er dei som tilhøyrer Tysnes Kraftlag (avslag 8,5 øre/kWh), Jondal Energiverk (6 øre/kWh), Fjelberg Kraftlag (4 øre/kWh), Fitjar Kraftlag (3,9 øre/kWh), Suldal Elverk (3,6 øre/kWh), Modalen Kraftlag (1,5 øre/kWh) og Fusa Kraftlag (1,4 øre/kWh).