I går møttest ordføraren, varaordførararen, tidlegare ordførar og gruppeleiaren for SV Lars Sponheim for å protestera på vedtaket. Men dei vart sendt heim att til Lillesand etter ei skyllebøtte frå landbruksministeren i går kveld.

Saka gjeld at Landbruksdepartementet har omgjort eit tidlegare vedtak og akseptert at ein heilårsbolig i Lillesand blir selt som fritidsbolig. Avgjerda vil kunne ha enorme konsekvensar for fleire kommunar langs kysten.

Delegasjonen kom til møtet med Sponheim i den tru at han var viljug til å lytte og vurdere saka på ny. I staden fekk dei høyre at Sponheim var «sjokkert» over at dei ikkje kjende si eiga saksbehandling og ikkje visste kva brev kommunen hadde sendt til departementet.

Kommunepolitikarane i Lillesand er sjokkert over at departementet har gjort kuvending i saka. Onsdag kveld møttest dei til ekstraordinært kommunestyremøte på få timars varsel og gjorde vedtak mot departementet si kuvending.

Millionvinst

Departementet si avgjerd inneber at Venstre-mannen Henrik P. Thommesen, kan innkassere 9,8 millionar kroner for ein eigedom han i 1998 skreiv salskontrakt på, på vilkår av at det vart gjeve dispensasjon frå konsesjonsreglane.

Departementet sa nei til i 2000. Men etter at Sponheim overtok som statsråd, vart svaret ja 1. mars i år.

Før det hadde Thommessen, etter det kommunepolitikarane meiner, gjort eit mindre enn halvhjarta forsøk på å selje eigedomen som heilårsbolig.

Thommessen har presentert eit kjøpstilbod på to millionar kroner. Men kommunepolitikarane meiner at det låg føre eit bod på 3,5 millionar kroner.

Dei opplyser vidare til Bergens Tidende at fleire interessentar har fått beskjed om at bod under taksten på 6,5 millionar kroner, var heilt uaktuelt.

Sjokkerte politikarar

Sjølv seier Sponheim at saka er avgjort utan at den politiske leiinga har vore informert eller kopla inn, eine og åleine på grunnlag av opplysningar kommunen har gjeve til departementet.

Kommunepolitikarane er sjokkert over det dei oppfattar som manglande kvalitetssikring av faktaopplysningar i Landbruksdepartementet, før departementet snudde rundt.

— Berre ein slik opplysning som at departementet legg til grunn at normalprisen på ein heilårsbolig i Lillesand er på fem millionar kroner burde fått klokkene til å ringe, seier Venstre-representanten Kristian Sundtoft.

— Dei faktiske tala er ei stad mellom 1,2 og 1,5 millionar kroner, opplyser ordførar Odd Steindal. Han har sjølv tidlegare arbeidd i landbruksetaten i kommunen og har god oversikt.

— Det som sjokkerer mest, er kanskje at det er prisen for eigedomen som nå blir brukt som avgjerande argument for å gje konsesjon, seier Steindal.

Sponheim sa i går kveld til Bergens Tidende at departementet ikkje hadde noko val, om ein skulle fylgje norsk lov.

— Og det aktar eg å gjere, som ansvarleg statsråd, seier han.

Enorme reaksjonar i Venstre

Saka har skapt enorme reaksjonar på Sørlandet, og ikkje minst i Venstre. Nå fløymer heimesidene til partiet over av innlegg.

Til Bergens Tidende seier delegasjonen etter møtet med Sponheim. - Den avgjerda Landbruksdepartementet har fatta er ikkje til å leve med for oss i Lillesand. Den vil opplagt skape presedens. Vi bur i den kommunen som sikkert opplever sterkast press når det gjeld omdisponering av heilårsboligar til fritidshus. Konsekvensen blir at milliardærane får det som dei vil. Dei kan berre legge nok pengar på bordet og så står vi politikarane makteslause når vi vil styre for å sikre at det bur folk i husa.

SKUFFA: Ordføraren i Lillesand, Odd Steindal frå Høgre, varaordførar Solveig Solbakken frå Ap, Kristian Sundtoft frå Venstre (som tidlegare har vore ordførar og då representerte Høgre) og gruppeleiaren for SV, Geirulf Gauslaa var skuffa etter møtet med Lars Sponheim i går.
FOTO: ROBERT BRÅTHEN