EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

I framtida blir det ikkje fullt så enkelt for pensjonerte forsvarstoppar og andre høgare embetsfolk å hoppe rett over i lukrative stillingar i forsvarsindustrien.Det skal no innførast reglar om at embetsmenn skal kunne få opp til eit halvt års karantene før dei får gå inn i enkelte stillingar utanfor staten.Stortinget har også gitt regjeringa grønt lys for å utarbeide reglar som kan gje opp til eitt års forbod mot å arbeide med enkelte sakstypar etter eit jobbskifte.

Skal hindre kontakt-misbruk Pålegg om teieplikt for enkelte opplysingar og omplassering i oppseiingstida er også aktuelle verkemiddel.

Grunngjevinga bak endringane er fleirdelt:* Strategisk viktig informasjon for staten bør ikkje bli kjent.* Teiepliktige opplysingar bør ikkje koma ut.* Kontaktnett bør ikkje misbrukast til å få sensitiv og strategisk informasjon og til å påverke avgjerder.* Byte av tenester, eller mistanke om slik byte, skal forhindrast

Bakgrunnen var ei stortingsmelding regjeringa la fram i fjor haust, "Forholdet mellom embetsverket, departementas politiske leiing og andre samfunnsaktørar". Meldinga kom etter at det i fleire saker var reist krass kritikk mot raske jobbskifte — både med militærtoppar som gjekk til forsvarsindustrien, og med politikarar som gjekk direkte inn i embetsverket.I Forsvarets overkommando har dei ved fleire tilfelle vore borti problemstillinga

— I kontraktsforhandlingar har det hendt at det på andre sida av bordet har dukka opp personar som nettopp har slutta i Forsvaret. I desse tilfella har vi gitt beskjed om at vi ikkje ønskjer å sjå dei der dei første par åra. Dette har alltid vorte respektert av motparten, seier informasjonssjef Kjell Grandhagen ved Forsvarets overkommando.Han opplyser også denne problemstillinga nyleg vart diskutert på eit sjefsmøte mellom forsvarssjefen, generalane og admiralane.

— Vi ønskjer ikkje noko yrkesforbod, og vil ikkje gjere det umogleg for tidlegare forsvarspersonell å få arbeid i det private næringslivet. Men vi stimulerer til varsemd - dette blir ein balansegang, seier Grandhagen.

Uklart når reglane er klare Dei nye reglane vil truleg bli nedfelt i Statens personalhandbok, og for enkelte statlege toppstillingar også regulert gjennom arbeidskontraktene.

-Det er enno ikkje klart korleis reglane blir utforma i detalj, eller når arbeidet kan vere avslutta, seier avdelingsdirektør Terje Dyrstad i Arbeids- og administrasonsdepartementet, som har ansvaret for oppfølginga av vedtaket i Stortinget.

fakta/strid om rollebytte* Kontreadmiral og tidlegare generalinspektør for Sjøforsvaret, Hans Kristian Svensholt, angreip i torsdagsavisa regjeringas planar om å droppe bygginga av nye missiltorpedobåtar (MTB).* Svensholt opplyste ikkje om at han arbeider som konsulent for verftet som skal byggje båtane - Umoe Mandal - og at han også sit i styret for selskapet.* Ei lang rekkje forsvarstoppar har dei siste åra gått direkte over i stillingar i forsvarsindustrien, der dei kjempar om milliardkontrakter med Forsvaret.