Forskar Merete Hannevik seier til Bergens Tidende at ho har oppfatta bestrålinga av dekk meir som ein ryktehistorie. I så fall skulle ho ha undersøkt om det var dekning for rykta, ikkje berre registrert ein historie med uviss dekning.

Merete Hannevik hevdar at Statens strålevern berre var ein perifer aktør i Sjøforsvarets gransking av «Kvikk»-saka. Ho viser til at Statens strålevern leverte høyringsfråsegn, men ikkje hadde mynde til å «gå inn og krevja noko». Tilsynsorganet nøydde seg med å tilrå ein ny gjennomgang av saka etter at Sjøforsvaret hadde avlevert rapporten sin.

Ein slik mangel på initiativ og vilje til å ta ansvar er ikkje tilfredsstillande. Det er dessutan påfallande at Merete Hannevik etter at den første «Kvikk»-rapporten var lagt fram uttalte at Sjøforsvaret hadde gjort ein svært god jobb med å kartleggja strålingsnivåa.

Det er vanskeleg å ha tillit til Statens strålevern etter avsløringane i Bergens Tidende.