Stråletabbar nedlåst i Nordsjøen

Rundt 40 radioaktive kjelder som er nytta til oljeleiting er tapt under havets botn. Kjeldene er etterlatne og sikra etter å ha kilt seg fast nede i borehola.

OVE A. OLDERKJÆR

ove.olderkjaer@bergens-tidende.no

Stord For nokre år sidan vekte det sterke miljøprotestar då tomme oljereservoar i Nordsjøen blei lanserte som lagringsstad for radioaktivt avfall frå land. Men norske havområde er alt blitt gravplass for strålingskjelder ettersom radioaktivt leiteutstyr har vore uråd å få opp att.

Cesium 137 På jakt etter endå meir olje og gass er det meir og meir nytta radioaktive loggkjelder for å kartleggja strukturane rundt borehola på marginale felt på sokkelen. Blant kjeldene som er nytta er den gammastrålande isotopen Cesium 137 med ei halveringstid på 30 år. Dei såkalla loggkjeldene blir plasserte nede i borehola for å gje oljeleitarane meir detaljerte reservoarbilde som supplement til resultatet av seismiske undersøkingar. Spesialiserte selskap opererer desse isotopane, som blir handterte med lange stenger medan boredekket er evakuert. Problemet er at loggkjeldene i fleire tilfelle — totalt om lag 40 gjennom åra ifølgje Statens strålevern - ikkje har vore råd å få opp att frå djupet.

-- Ingen fare Resultatet er at strålevernet har gitt løyve til å lata isotopane bli att i djupet, under føresetnad av at kjeldene er blitt avmerkte på kart og skjerma med betong. -- Sjølv om kjeldene vil liggja og stråla i mange år, er betongkonstruksjonane rundt solide, slik at det ikkje er fare for strålingslekkasje, seier Tor Wøni i Statens strålevern. -- Ekspertane seier at strålinga frå slike kjelder er så liten at det ikkje har negativ innverknad på miljøet rundt, seier informasjonssjef Jan Hagland i Oljedirektoratet til Bergens Tidende.