VIDAR YSTAD

Dommen lød på eitt års fengsel, av det ti månader på vilkår, ei bot på 50.000 kroner og 20.000 kroner i sakskostnader, for seks tilfelle av grov økonomisk utruskap, to forsøk på det same og fleire tilfelle av skatteunndraging.

— Det verkar noko støytande, seier økokrimsjef Einar Høgetveit til Bergens Tidende i ein kommentar til oppnemninga.

— I utgangspunktet er det ikkje utan vidare gitt at ein straffedømd norsk advokat bør ha denne typen offentlege oppdrag, seier riksadvokat Tor Aksel Busch til Bergens Tidende.

Har sendt opplysningar

Busch vil ikkje utdjupe dette. Men han opplyser at riksadvokatembetet har blitt kontakta og har fått spørsmål frå Haag-domstolen om advokat Blehr. Han vil ikkje opplyse kva dei har svart.

Ifølgje juridisk professor ved Haag-domstolen, Esteban Losilla Peralta, har domstolen ikkje faste forsvararar, men ei liste over advokatar som kan bli oppnemnt i konkrete saker. Advokatane søker sjølv om å få kome på denne lista. Det har Blehr gjort.

Vert sletta

Søkaren må gje opplysningar om ei rad forhold, mellom anna om han tidlegare er domfelt. Det er krav om politiattest, basert på utskrift frå strafferegisteret.

— Problemet i Noreg er at tidlegare dommar blir fjerna frå strafferegisteret etter ein del år. Difor framgår ikkje opplysningar om tidlegare dommar av politiattesten, seier Peralta.

Peralta vil ikkje opplyse noko om kva opplysningar og synspunkt den norske riksadvokaten har kome med. Han vil heller ikkje seie noko om kva opplysningar og vurderingar domstolen sit på, men opplyser at domstolen har fått ein «rein» politiattest frå politimeisteren i Asker og Bærum.

- Ikkje noko problem

Advokat Blehr seier til Bergens Tidende at domstolen har hatt tilgang til alle opplysningar frå A til Å, også om straffesaka og dommen mot han.

— Når Noregs Høgsterett har akseptert at eg prosederer, så kan vel ikkje dette vere noko problem, seier han.

Blehr var sist i vinden som ein av forsvararane for Trond Kristoffersen i Finance Credit-saka i fjor.