Lengst i kritikken går Ap sin fraksjon. Partiet skuldar Norman for å ha «villedet Stortinget». Partiet jamvel «konstaterer» at Norman «har villedet Stortinget».

Dette er uhyre sterk språkbruk i innstillinga frå ein stortingskomite. At det er forlikspartnaren til regjeringspartia som uttalar dette i ei innstilling om budsjettet, dempar ikkje alvoret i kritikken. Formuleringa er etter det BT kjenner til, klarert til topps i partiet.

Difor har Høgre og KrF sine representantar funne grunn til å polemisere mot ordbruken frå Ap i innstillinga.

Ap har fått fylgje av SV og Sp i ein meir omfattande kritikk mot Norman. I innstillinga heiter det mellom anna at «Regjeringenm ikke har informert godt nok», at «saken ikke er godt nok utredet», at lovproposisjonen er «mangelfull». Dei påpeikar at «det påligger Regjeringen uoppfordret å gi Stortinget all informasjon om en sak som er nødvendig for at den kan behandles korrekt».

Frp sluttar seg ikkje til denne kritikken. Derimot har partiet sine eigne kritiske merknadar. Her skriv partiet at representantane «mener at viktige forhold knyttet til de ansattes rettigheter ikke er tilstrekkelig utredet».

Informasjonssjef Lisa Bang i Administrasjonsdepartementet opplyser til Bergens Tidende at statsråd Norman førebels ikkje vil kommentere kritikken.